Hopp til innhold

Politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. juli

Om stillinga

Vi har ledig faste stillingar ved seksjon for vakt og beredskap i Ålesund.

Politibetjentar innan operativ teneste skal på døgnkontinuerleg basis bidra til å sikre tryggleik for innbyggjarane gjennom kriminalitetsførebygging som hovudstrategi. I periodar må ein pårekne å bidra innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. 

I tillegg til ein interessant og lærerik arbeidskvardag, byr Ålesund og Sunnmøre på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter polititjenestepersonar med høg operativ kapasitet, god dømmekraft og evne til å prestere under krevjande forhold. Stillinga inngår i eit miljø der avgjerder må takast raskt og med høg grad av sjølvstendigheit. Arbeidskvardagen stiller krav til taktisk forståing, fysisk kapasitet, mental robustheit og evne til å handtere komplekse og uforutsigbare situasjonar.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • operativ tjeneste i patrulje ved vakt og beredskap, i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • oppretthalde og vidareutvikle operative ferdigheiter
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert: 

  • bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
  • minimum lP4-godkjenning, eventuelt må du kunne bli godkjend på nytt
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiaftest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med:

  • erfaring frå politistilling
  • anna relevant erfaring
  • etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen og/eller anna relevant tilleggsutdanning

Personlege eigenskapar

  • robust og uthalden, med dette meiner vi at du må tole å stå i tøffe psykiske og fysiske oppdrag
  • gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å byggje tillit både internt og hos publikum
  • gode samarbeidsferdigheiter
  • taktisk forståing, løysingsorientert og evne til å ta gode avgjerder i krevjande situasjonar

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utfordrande og givande stilling for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse jf. kompetansekriteriene for politibetjenter, med årslønn:
    • politibetjent 1: frå kr. 510 000 - kr. 560 000
    • politibetjent 2: frå kr. 535 000 - kr. 585 000
    • politibetjent 3: frå kr. 590 000 - kr. 640 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området 
  • godtgjersle etter gjeldande ATB på for tida kr. 44 708 og tillegg for turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å vere tilknytt ei lA-bedrift og bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Per-Kristian Sporsheim

Avsnittsleiar/fung. seksjonsleiar

+4741507590

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.

Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

350d3f3c-793d-41be-b3af-2d615ef9f006

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10300579

Lignende annonser

Laster lignende annonser