Ledig stilling
Lærdal kommune Nav
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
100 % fast stilling som rettleiar ved NAV Aurland og Lærdal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Viss ei stilling som rettleiar på Nav er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare.
I denne stillinga vil du jobba på Nav Aurland og Lærdal. Her er me f.t. 9 tilsette. Me har arbeidsstad i to lokale. Vangen 1 i Aurland og Øyraplassen 7 i Lærdal, som er Rådhusa i dei to kommunane.
Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar:- Minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule, gjerne innan sosial- eller samfunnsfagleg retning. Utdanning innan rettleiingsfag kan også eigne seg.
- Erfaring frå navkontor blir vektlagt
- Gode ferdigheiter med kommunikasjon, skriftleg, og munnleg. Du er rask og trygg i bruk av ulike elektroniske verktøy
- Me søkjer deg som er positiv og reflektert som person
- Det er ei føremon med førarkort klasse B
- Oppfølging av brukarar med rettleiing av god kvalitet, der målet er å komme i arbeid og aktivitet. Oppfølging og sakshandsaming etter Sosialtenestelova
- Samarbeide med verksemder og flyktningtenesta
- Nytte rettleiings-metodar i arbeidet
- Samarbeide med andre organisasjonar for å nå gode brukarmål
- Arbeid for flyktningtenesta, andre oppgåver og endringar i oppgåver kan påreknast
- Løn etter tariff
- Trygge vilkår som offentleg tilsett
- Mogeleg med heimekontor etter nærare avtale
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.- og 2. klassingar, og gratis deltids-SFO for 3. klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Gratis tilgang til treningssenter for tilsette
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig