60% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Skare barnehage
Ullensvang kommune Skare barnehage
Reinsnosvegen 24, 5763 Skare, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 000 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Skare barnehage er ein 2- avdelings barnehage som ligg i Skare, midt i mellom Odda og Røldal. I 2020 flytta vi inn i nye moderne lokaler, som er laga for to avdelingar. Lokala byr på mange kjekke rom og løysingar, og som gir barna og dei ansatte mange moglegheiter. Skare barnehage har også eit stort og flott uteområde, samt eit nærmiljø som har mykje å by på.
Dei siste åra har barnehagen arbeidd med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø der alle barn har det trygt og godt, og opplever å vera verdifulle i fellesskapet, blant anna gjennom barnehagens satsingsområde “Ein inkluderande leik”. Saman med BTI (betre tverrfagleg innsats) vil dette vera fokusområdet vårt dei neste åra og. Barnehagen nyttar også “E d greitt?” aktivt i barnehagekverdagen, og har fokus på barnets beste gjennom heile året.
Ledig stilling som fast barne- og undomsarbeider i Skare barnehage - 60 %, frå 01.01.2026.
Hovudarbeidsoppgåver
Ha ansvar for å observere barna og å skape gode leike og utviklingsmuligheter for dei.
Sørga for eit godt foreldresamarbeid
Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn
Vere ein god rollemodel for dei andre tilsette, og barna, i barnehagen
Ansvar for å medverka til eit godt arbeidsmiljø
Utføre arbeid delegert av pedagogisk leiar og styrar
Kvalifikasjonar
Utdanning: Barne- og ungdomsfag. Andre kan og verta vurdert i stillinga.
Erfaring er ynskjeleg
Digitale kunnskaper
Personlege eigenskapar- og interesse for faget vektlegges sterkt
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Personlege eigenskaper:
Evne til å skapa gode relasjon til alle barn
Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna
Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk
God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding
Løysningsorientert
Fleksibel og kreativ
Godt humør og positiv innstilling
Vi tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34c7e764-695b-4b16-9519-7b26c72a7bba
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3547419_193973_nn