Ringevikar i Rabben barnehage
Ullensvang kommune Rabben barnehage
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Ringevikar i Rabben barnehage
Har du litt eller mykje ledig tid, og har lyst å prøve arbeid i barnehage? Då vil me gjerne høyre frå deg, og du kan bli ringevikar i Rabben barnehage.
Barnehagen ligg på Eide i Odda, fint mellom Hovden naturområde, idrettsanlegg, videregåande og ungdomsskular. Barnehagen har 5 avdelingar og 70 barn.
Er dette noko for deg ring styrar Kristin Opedal på mobil 902 57 329, eller send ein mail til kristin.opedal@ullensvang.kommune.no for meir informasjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver:
Som ringevikar har du medansvar for:
Barna sin trivsel og utvikling
Godt samarbeid med barna, foreldra, personale
Medverka til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd
Godkjent tuberkulinstatus
Personlege eigenskaper:
Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna
Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
Fleksibel og positiv
Vi kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
Eit godt arbeidsmiljø med vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.
Løn etter tariff
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0f0103d-7811-4a92-8acc-83fb901e2ce0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3549807_193977_nn