Barnehagelærer - setje verdifulle spor - Preg Toftøy, Rong
Preg Barnehager Toftøy As
Skulebrekka 31, 5337 Rong
Om jobben
Vil du vere med og setje verdifulle spor?
Preg Toftøy søkjer ein varm, engasjert og tydeleg barnehagelærar som ønskjer å gjere ein forskjell for barna – kvar dag. Hos oss får du vere ein del av eit fagleg sterkt miljø med fokus på leik, vennskap, utvikling og eit trygt og godt barnehagemiljø.
- Stillingstittel
- Barnehagelærer
- Oppstart
- 10. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
-
Du er utdanna barnehagelærar
-
Du er varm, tydeleg og engasjert i møte med barn og vaksne
-
Du er glad i leik, relasjonar og å vere tett på barna
-
Du ønskjer å bidra til eit trygt og godt barnehagemiljø
-
Du samarbeider godt og byggjer gode relasjonar med foreldre og kollegaer
-
Du tek ansvar, er løysingsorientert og bidreg positivt i fellesskapet
-
Du kjenner deg att i verdiane våre: nestekjærleik, likeverd og meistring
Arbeidsoppgaver
-
Planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet
-
Vere ein aktiv og varm vaksen i leik og kvardag
-
Skape eit trygt og godt barnehagemiljø der alle skal ha ein venn
-
Bidra til barns læring, utvikling og meistring
-
Samarbeide tett med foreldre, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
-
Delta i utviklingsarbeid og bidra til eit godt fagmiljø
-
Arbeide i tråd med barnehagen sine verdiar og satsingsområde
Vi tilbyr
-
Ein meiningsfull jobb der du får vere med og setje verdifulle spor
-
Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
-
Fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen kvardag
-
Fokus på trygt og godt barnehagemiljø, leik og relasjonar
-
Naturskjønne omgjevnader med eigen skog og gode uteområde
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom PBL
-
Løn etter tariff
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Preg Toftøy barnehage er ein del av Preg barnehager og ligg i naturskjønne omgjevnader på Toftøy. Me har seks avdelingar, eigen skog og gode uteområde som gir rom for leik, utforsking og gode opplevingar kvar dag. Hos oss står verdiane nestekjærleik, likeverd og meistring sentralt, og me arbeider kvar dag for å gi barna eit trygt og godt barnehagemiljø der alle skal ha ein venn.
Preg Toftøy barnehage er i vekst, og fordi me har fått fleire barn ønskjer me å få med oss fleire barnehagelærarar med hjartet på rette staden på laget.
Kvar veke har me eigne turgrupper som utforskar nærmiljøet og naturen rundt oss.
Hos oss har me stort fokus på samarbeid, leik og trygge rammer. Me ønskjer at alle barn skal oppleve å bli sett, høyrt og inkludert av vaksne som er varme, engasjerte og tett på barna i kvardagen. Verdiane våre -- nestekjærleik, likeverd og meistring -- pregar alt me gjer.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34c5fcb1-1e91-4430-888e-b3225dc441ef
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
34c5fcb1-1e91-4430-888e-b3225dc441ef