Audiograf
ØNH ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Audiograf
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
Vi har ledig 50 % fast stilling som audiograf ved Hørselssentralen, ØNH-seksjonen ved Ålesund sjukehus. Stillinga er ledig frå snarast.
Hørselssentralen arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av personar med nedsett høyrsel i alle aldrar. Seksjonen har eit særskilt fylkesansvar for utgreiing og oppfølging av små barn som ikkje passerer nyfødtscreening for høyrsel. Vi har òg eit tverrfagleg team som arbeider med utgreiing av Auditory Processing Disorder (APD).
Hos oss blir du del av eit engasjert og kompetent fagmiljø med tett samarbeid mellom audiografar, audiopedagogar og ØNH-legar. ØNH-seksjonen består av fem overlegar og fire LIS-legar. Hørselssentralen har sju audiografstillingar, og ved seksjonen er det òg ei eiga audiopedagogisk eining.
Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar, høg grad av samarbeid på tvers av profesjonar og moglegheit til å bidra i utviklinga av tenestetilbodet til pasientane våre.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, habilitering og rehabilitering av personar med nedsatt hørsel i alle aldersgrupper
- Vurdering av behov for hjelpemiddel, rehabilitering med høyreapparat til vaksne og barn
- Retesting etter høyrselsscreening av nyfødde Vi har eit tett samarbeid med Øre-nese-hals poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som audiograf
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
- Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus eller avtalespesialist, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og imøtekommande
- Du arbeider sjølvstendig og er ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Du er tilpasningsdyktig og bygger lagånd
- Ønsker å tilegne deg ny kompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, 70105266Henrikke Klokkehaug Overå, Teamkoordinator, 70105266
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5165565078
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Henrikke Klokkehaug Overå
Teamkoordinator
70105266
Monika Dahl Berget
Seksjonsleiar
70105266
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34bdba71-ce83-4f5f-94a1-61c76aa41939
- Sist endret
19. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
57b0835cf7f2415aa5f944030fc327cd