Hopp til innhold

Helsesekretær/ sekretær

Arbeidsgiver

Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. desember 2026
Stillingstittel
Helsesekretær/ sekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 3. november

Avdeling for sjukehuspsykiatri tilbyr nye og spanande utfordringar i eit dynamisk og godt fagmiljø i merkantilt team.
Vi har ledig eit 100% vikariat i perioden 01.12.26- 31.01.28

Avdeling for sjukehuspsykiatri er lokalisert ved Ålesund sjukehus. Avdelinga består av 6 seksjonar: Lokal sikkerhetspsykiatri, Akutt psykisk helse, Psykose, Allmennpsykiatri, Alderspsykiatri og Spesialisert Habilitering. Vi er ei avdeling med ulike arbeidsfelt innan psykiatrien, der vi både har ein akuttfunksjon, og har planlagte behandlingsforløp.
Du vil verte ein del av et felles team som skal bidra til å løyse og dele faglege utfordringar i felleskap til beste for hele avdelinga. 

Stillinga er for tida knytt til Allmennpsykiatri, men med tett samarbeid med dei andre sekretærane.

Allmennpsykiatri er ein open akuttpost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. 


Arbeidsoppgåver

  • Diverse arbeid i ulike datasystem som for eksempel: Helseplattformen, Elements, SAP og ajourhold RS 
  • Ekspedering i skranke og telefon/sentralbord 
  • Registrering (vedtak innan psykisk helsevern, diagnosar m.m.)
  • Førebu dokumentasjon til klagesaker.
  • Innleige av personal/registrering av fråvær.
  • Lønskøyring. 

Kvalifikasjonar

  • Helsesekretær eller anna helsefagleg utdanning
  • Erfaring fra helsefagleg ekspedisjonsarbeid, eller arbeid som sekretær
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
  • Gode datakunnskaper.
  • Kjennskap til Helseforetaket sine ulike system er ein fordel  

Personlege eigenskapar

  • Du viser gode samarbeidsevne. 
  • Du er serviceinnstilt, høfleg og imøtekomande over for kollega, pasientar og andre besøkande.
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Du er løsningsorientert og fleksibel.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5197252675
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 03.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Siri Charlotte Johnsen

Seksjonsleiar

Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d8323261-6956-4955-bb79-f5d10da7c5d2

Sist endret

21. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

23584ce9208e4046b5f8715ba2b5d7b1

Lignende annonser

Laster lignende annonser