Einingsleiar Sentermodell
Omsorg for ungdom, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar Sentermodell
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 19. april
Til deg som ønskjer leiarstilling i ei verksemd med det viktigaste samfunnsoppdraget
Bufetat region vest søkjer etter ein einingsleiar til nyoppretta eining. Denne stillinga er knytt til eit nyoppretta senter beståande av fire avdelingar innan omsorg og åtferd høg, der målet er å hindre at barn må flytte og kan oppretthalde positive relasjonar så lenge dei har behov for eit tilbod i senteret. Det nye senteret er ei utprøving i tråd med NOU’en frå 2023: Med barnet heile vegen.
Har du eit ønskje om å medverke og gjere ein forskjell for nokre av dei mest sårbare ungdomane våre? Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ei god oppvekst, der vekst og utvikling står i sentrum? Då er kanskje dette stillinga for deg. Vi ønskjer ein leiar som evnar å tenkje nytt og innovativt i ein viktig pilotfase. Vidare må du evne å sjå moglegheiter i krevjande situasjonar, og vil bidra til å gi gode tenester i tråd med det viktige samfunnsoppdraget.
Ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest, er det ledig fast 100 % stilling som einingsleiar, Bufetat region vest
Er du ein leiar som vert motivert av vårt viktige samfunnsoppdrag og våre verdiar.
Bufetat sin visjon er vekst og utvikling for born, unge og familiar. Vi jobbar etter verdiane respekt, openheit og deltaking - RÅD. Vi søkjer deg som har lyst til å vere med å utvikle våre tenester for born, ungdom og deira familiar og bidra til strategisk leiing av regionen.
Stillinga er for tida lagt til Bufetat, region vest med arbeidsstad i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Om stillingaSom einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for vårt nyoppretta senter, med underliggande barnevernsinstitusjonar.
Det inneber at du:
- har budsjett- og personalansvar for eininga
- saman med leiargruppa skal sikre at eininga driftes forsvarleg og i tråd med relevant fagmetodikk
- bistår avdelingsleiarane og personalet til å stå i ein krevande arbeidskvardag ved å jobbe systematisk med opplæring og oppfølging av senteret
- ivaretek god internkontroll på alle driftsområde og ta hand om einingas HMS-arbeid
- medverkar til at eininga har eit godt fungerande samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar
For å lykkast med oppdraget treng me gode verktøy. Me har gode fagmodellar for å ta hand om oppdraget vårt på institusjon for ulike målgrupper. Me har og nasjonale og regionale rettleiingsstrukturar.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha:- relevant mastergrad innan sosial- og helsefaga eller relevant master innan leiing.
- relevant sosialfagleg bachelorutdanning kan også vera aktuelt i kombinasjon med 30 studiepoeng vidareutdanning.
- minimum 15. stp innan leiing og administrasjon
- relevant leiererfaring med personal-, fag- og økonomiansvar
- gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- god kompetanse på bruk av digitale verktøy
- førarkort klasse B
Dette ønskjer vi at du har:
- røynsle fra arbeid med en kombinasjon av strategiske og operative leiaroppgåvar og relevant vidareutdanning
- rettleiingskompetanse
- røynsle frå barnevernsverksemd, gjerne institusjonsbarnevernet
- røynsle med, og kunnskap om målgruppa
- røynsle med implementering
- Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekna å ta leiarutdanning etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Du må like ungdomar som utfordrar, og du klarer å motivere deg sjølv og dei tilsette til å stå i krevande situasjonar. For oss er det også svært viktig korleis du som person egner deg til jobben, der vi legger særleg vekt på tydelegheit, systematikk, gjennomføringsevne samt relasjonelle og inkludereade ferdigheiter.
Derfor ser vi etter deg som kjenner deg igjen i følgjande:
- Er ein engasjert og modig leiar som blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar.
- Er utviklings- og løysingsorientert.
- Har høg arbeidskapasitet og meistrar å handtera mange og komplekse oppgåver i eit høgt tempo.
- Er strukturert og analytisk og har evne til å tenkje heilskap og tverrfagleg.
- Skapar framdrift, har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt -og prosessar.
- Har evne til strategisk planlegging.
- Er dyktig på å motivera og utvikle gode strukturar for samarbeid og prioritering.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1493 Leiar, med løn frå kr 750.000 - 910.000 pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbud om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysingar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bufetat region vest.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Therese Hope, Avdelingsdirektør, 46615599Alette Hilton Knudsen, Stabsdirektør, 91337060
Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4942098252
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Alette Hilton Knudsen
Stabsdirektør
91337060
Therese Hope
Avdelingsdirektør
46615599
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2898058
- Hentet fra
talentech
- Referanse
80ce2f1090e249758a1c0f852abdeca7