Lærar i programfag ved Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar i programfag ved Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. mars
Vi treng fleire lærarar!
Derfor søker vi vikarar for lærarar i programfag ved avdeling Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.
To vikariat i henholdsvis 100% og 50% stilling ledig omgåande med undervisningskompetanse i programfag ved avdelinga.
- Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
- Kan du tenke deg utfordringa med å yrkesrette fellesfag?
- Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å hjelpe elevane med å meistre skulen og faga?
Då er du kanskje rett lærar for oss!
Arbeidsoppgåver
Som faglærar skal du:
- Planlegge og gjennomføre undervisning i programfaga i tråd med gjeldande læreplanar på vg1 og vg2.
- Være tett på elevane, legge til rette for meistring og gi dei faglege tilbakemeldinger som dei kan lære av.
- Samarbeide tett med bransjen og sørge for god dialog mellom skole og bransje.
- Følge opp at elevane får utplassering i bedrift.
Kvalifikasjonar
For å bli tilsett som vikar i desse undervisningsstillingane ønsker vi at du har:
- undervisningskompetanse i programfag ved avdeling Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.
- har fagbrev og/eller høgare yrkesfaglig utdanning innan programområdet.
- generell god IKT kompetanse.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du:
- Har gode samarbeidsevner og liker å lære saman med andre.
- Har evne til å danne gode relasjonar til elevane.
- Trivst saman med ungdom og ser kvar enkelt elev.
- Er tålmodig, vennleg og raus.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Bidrar inn i profesjonsfellesskapet.
Vi tilbyr
- Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Kontaktinformasjon
Julianne Synes Vågsholm, Avdelingsleiar, 97954561Roger Fylling, rektor, +47 93441678
Arbeidsstad
Yrkesskolevegen 206011 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5077246086
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 04.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Roger Fylling
rektor
+47 93441678
Julianne Synes Vågsholm
Avdelingsleiar
97954561
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune.
Skolen har til saman nesten 1100 elevar og 235 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit kompetansesenter (BORK) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs for næringslivet. Vi har også ansvar for undervisninga ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA-skolen) og ved Ålesund fengsel.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34b450d1-903e-4778-8a7e-93ed3b80b653
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3aba499387d84e51aa222161565d27aa
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund