Politiførstebetjent
Sør-Vest politidistrikt
Dreganesvegen 8, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politiførstebetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. juli
Om stillingen
I Sør-Vest politidistrikt har me ledig fast stilling som politiførstebetjent. Stillinga er førebels knytt til geografisk driftsenhet Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord, Etne og Vindafjord politistasjon på seksjon for patrulje.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiets viktige samfunnsoppdrag, skal me førebyggje og bekjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettssikkerheita. Me trur at mangfald bidrar til betre oppgaveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidshverdagen, vil me gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar
Me søkjer deg som ynskjer å arbeida målretta med kunnskapsdeling, fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring innanføre det politioperative faget og aktivt bidra til kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, fagleg leia og gjennomføra politioperativt arbeid innanføre tjenesteeininga, etter gjeldande instruksar og føringar fra operasjonsleiar og næraste leiar.
- Bidra til resultatoppnåing og utvikling etter sentrale føringar og prioriteringar frå overordna leiing
- Bidra med naudsynt kontroll med operativt utstyr ved geografisk driftseining
- Ha god kjennskap til politidistriktet sitt planverk, ordrar og instruksar og kunne implementere og bruke desse i det daglege arbeidet
- Medverka til godt medarbeidarskap og ønska kultur på patruljeavsnittet i samråd med næraste leiar
- Faglig utvikling av patruljemannskapene på den geografiske driftseininga.
- Være lederstøtte for seksjonsleder innen forebyggende og patrulje
- Patruljetjeneste
- Utføre naudsynt etterforsking på staden og følgje opp generelle straffesaker i driftseininga
- Andre oppgåver kan leggjast til rolla
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å være kvalifisert:
- Bestått eksamen frå politi(høg)skulen
- Brei operativ politifagleg kompetanse med minimum 5 års erfaring
- God innsikt og forståing for politifaglege arbeidsmetodar, planar og instruksverk
- God kjennskap til fagområde som er relatert til det operative faget som til dømes førebyggjande politiarbeid, etterretning og etterforsking
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- God kunnskap om politiet sine IT-verktøy
Det er også ønskelig med:
- Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring, gjerne politioperativt arbeid
- Anna relevant erfaring og utdanning
- God lokalkjennskap om det geografiske ansvarsområdet
- Søkarar som ikkje har godkjenning minimum IP-kategori 4 må starta trening for å oppnå dette så snart det er praktisk mogleg.
Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlige eigenskapar
- Inneha eigenskapar, haldningar og verdiar i tråd med politiet
sin medarbeidarplattform (vera tett på, modig, visa respekt, tenkja heilskapleg) - Inneha gode leiareigenskapar og gjennomføringsevne, inkludert evne til å overføra retningslinjer og overordna avgjerder til mannskapa
- Evne til å inkludera, motivera, inspirera og utvikla medarbeidarar
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeida sjølvstendig, gjera prioriteringar og kunne ta naudsynte avgjerder og beslutningar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeidarplattform her.
Dette kan me tilby om du velger oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil være med på å forme fremtidens politi
- Stillingen lønnes som politiførstebetjent (stillingskode 0285), fra kr 640.000,- brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant andre gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
- Gode arbeidsbetingelser
- Skiftarbeid
Mangfold i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hull i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapporter.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søker du
Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og legge ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningane om deg kan bli offentleggjorte sjølv om du har bedt om ikkje å bli førd opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sør-Vest politidistrikt har ca. 550.000 innbyggjarar fordelt på 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekker seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet preges av svært variert natur som gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.
Politidistriktet har ca. 1250 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytt til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for behandling av sjøfartssaker. Politimesteren er i tillegg operativ leiar for Hovedredningssentralen for Sør-Noreg.
Sauda og Suldal har administrasjonsstad og tenesteeining i Sauda kommune og tenestestad i Suldal kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Sauda kommune med omlag 4.500 innbyggjarar og Suldal kommune med omlag 3.800 innbyggjarar.
Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Vindafjord kommune med omlag 8.800 innbyggjarar og Etne kommune med omlag 4.000 innbyggjarar.
Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og er eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og bredt tenestetilbod til innbyggjarane.
Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.
Hovudmålsettinga for distriktet er å møte publikums behov for tryggleik, lov og orden.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34a2e61e-0439-43c3-ab31-5bb1fd67d083
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254966