Dagleg leiar på Opplæringskontoret for Nordhordland
Opplæringskontoret For Nordhordland
Galteråsen 4, 5916 Isdalstø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. august
Opplæringskontoret for Nordhordland er ein medlemsorganisasjon for godkjente lærebedrifter og bedrifter som ynskjer å bli godkjente lærebedrifter. Organisasjonen er eigd av våre medlemsbedrifter. Me har medlemsbedrifter i området frå Bergen i sør til Sognefjorden i nord.
Målet vårt er å hjelpa våre medlemsbedrifter til å bli/vera gode lærebedrifter, der dei gjev dei unge som søkjer læreplass god opplæring. Me ynskjer å hjelpa flest mogleg til å bli dugande fagarbeidarar og positive medarbeidarar.
Opplæringskontoret har ved årsskiftet til 2025, 139 medlemsbedrifter, 247 aktive lærekontraktar og 4 tilsette.
Som dagleg leiar ved Opplæringskontoret for Nordhordland vil du ha ansvaret for den daglege drifta av kontoret. Du vil leia eit godt team av medarbeidarar og ha ansvaret for samarbeidet med våre medlemsverksemder og rapportering til styret. Det er ynskjeleg at våre medlemsbedrifter skal gje den beste opplæringa og oppfølginga av framtidige fagarbeidarar. Ansvarsområde:-
Administrativt, økonomisk og fagleg ansvar
-
Følgja opp lærlingar og lærekandidatar frå start til mål
-
Leggja til rette for ledige læreplassar i medlemsverksemdene
-
Rekruttera lærlingar til ledige læreplassar i medlemsverksemdene
-
Marknadsføra og informera om fagopplæringa
-
Personalansvar
-
Rekruttera nye medlemsverksemder
-
Oppfølging av medlemsverksemdene
-
Dialog med dei aktuelle vidaregåande skulane og fylkesadministrasjonen innan fagopplæring.
-
Sikra at opplæringa i medlemsbedriftene har høg kvalitet og oppfyller gjeldande krav og retningslinjer
-
Representera Opplæringskontoret i ulike forum, og byggja nettverk
Ynskjelege kvalifikasjonar og eigenskapar som vil bli vektlagt:
-
Gode mellommenneskelege og pedagogiske evner, gjerne frå arbeid med lærlingar eller anna ungdom.
-
Gode samarbeids- og gjennomføringsevner
-
Relevant utdanning og leiarerfaring
-
Ryddig og strukturert
-
Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
-
Kjennskap til lærlingordninga og relevant lovverk rundt dette
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
-
Kunna jobba sjølvstendig
-
Du må ha sertifikat og disponera bil
-
Du må kunna nytta nynorsk som skriftspråk
-
Ein spanande og utfordrande stilling
-
Mogleik til å påverka og vidareutvikla organisasjonen og opplæringa av nye fagarbeidarar.
-
Me har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
-
Me har tariffavtale med AFP.
-
Lønn etter avtale.
**Søknadsfrist:**15.08.2025
Dersom stillinga er av interesse, så send søknad og relevant dokumentasjon til Dagleg leiar på e-post: lillian@oknordhordland.no
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Om bedriften
Opplæringskontoret for Nordhordland er ein medlemsorganisasjon for godkjente lærebedrifter og bedrifter som ynskjer å bli godkjente lærebedrifter. Organisasjonen er eigd av våre medlemsbedrifter. Me har medlemsbedrifter i området frå Bergen i sør til Sognefjorden i nord.
Målet vårt er å hjelpa våre medlemsbedrifter til å bli/vera gode lærebedrifter, der dei gjev dei unge som søkjer læreplass god opplæring. Nordhordland treng fagarbeidarar. Så me ynskjer å hjelpa flest mogleg til å bli dugande fagarbeidarar og positive medarbeidarar.
Opplæringskontoret har ved årsskiftet til 2025, 139 medlemsbedrifter, 247 aktive lærekontraktar og 4 tilsette.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
349b0668-9b31-4fa0-a1fa-4c74f026d948
- Hentet fra
FINN
- Referanse
412472083