Trainee - sjukepleiar
Medisinsk sengepost Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund sjukehus, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Trainee - sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Vil du vere med på laget vårt?
Medisinsk sengepost i Kristiansund har no ledige stillingar for trainee innan sjukepleie. Vi ønskjer deg som er ny og fersk i sjukepleiaryrket, men som enda ikkje er sikker på kva fagområde du ønskjer å fordjupe deg i. Du kan sjøl velje om du ønskjer 75 % eller 100 % stilling.
Det nye akuttsjukehuset på Hjelset (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal) er ferdig om to år, og vi ønskjer å sikre fagkompetanse inn mot SNR.
Traineeforløpet inneber:
- Kompetanseutviklingsprogram med fagdagar spesielt for traineesjukepleiarane
- Oppstartsveke med fagdagar og introduksjon til HMR
- Fagleg og organisatorisk breddekompetanse
- Internundervisning på seksjonane
- Personleg utvikling og utfordringar
Innan dei første to åra av tilsettinga, vil dei nytilsette gå inn i eit traineeforløp. Traineeforløpet inneber ei rullering av arbeidsstad på fire ulike grupper på sengeposten med periodar på omlag seks månader kvar. Heile forløpet startar med felles kursdagar for traineene. Innan traineeforløpet vert det arrangert eigne fagdagar for traineesjukepleiarane med fokus på å byggje brei og god kompetanse innan både fag og organisasjon. I tillegg følgjer traineesjukepleiarane eit eige forløp med sjukepleiefagleg rettleiing. Etter to år som trainee, vil ein framleis vere tilknytta Klinikk SNR og fast tilsetting ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
Arbeidsoppgåver
Traineeforløpet gir mogelegheit for interessante og varierte arbeidsoppgåver og utvikling av sjukepleiefagleg kompetanse.
- Generelle sjukepleieoppgåver ved dei ulike gruppane på sengeposten
- Vere ein del av dei tverrfaglege teama rundt pasientane
- Undervisning av pasientar, pårørande, kollegaer og primærhelsetenesten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er utadvendt og har godt humør
- Du ønskjer deg faglege utfordringar og variasjon i arbeidet
- Du er fleksibel og liker å jobbe med fleire fagområder
- Du har evne til å arbeide selvstendig, systematisk og er løysningsorientert
- Du er ein god teamarbeider og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er engasjert, lærevillig og omgjengeleg
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Rekrutteringstillegg kr 25000,-
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jonassen, Seksjonsleiar, Elisabeth.Jonassen@helse-mr.noArbeidssted
Kristiansund sjukehus6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4621143969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.04.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2294277
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f6d684b336114df3b4364e5e6f911860