Hopp til innhold

Seljar innebutikk -- Montér Førde

Arbeidsgiver

Optimera AS

Sted

Sanderplassen 7, 6813 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Selger innebutikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du jobbe i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kundekontakt og struktur er like viktig som tempo og sal?

Hos Montér Førde får du god opplæring, trygge rammer og kollegaer som støttar kvarandre i kvardagen. No søkjer vi ein ny seljar til innebutikken.

Montér Førde er ein del av Optimera AS -- Noregs leiande byggevarekjede. Vi leverer fagkunnskap, gode løysingar og personleg service til både proffkundar og privatkundar. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team med høg trivsel, god stemning og stoltheit for faget.

Dette kan vere ein god jobb for deg som

Likarkundekontakt og samarbeid , og møter både kundar og kollegaer med positiv energi. Du arbeider strukturert ogryddig, trivst med varierte arbeidsdagar, og tek naturleg ansvar i kvardagen. Du er nysgjerrig, lærevillig og har lyst til å utvikle deg over tid.

Erfaring frå sal eller butikk er ein fordel, men ikkje eit krav -- vi sørgjer for grundig opplæring slik at du blir trygg i rolla.

Dine hovudoppgåver
  • Sal og kunderettleiing i innebutikk

  • Ansvar for vareområde som maling, verktøy, festemiddel og arbeidsklede

  • Vareplassering, varepåfylling og sortimentsvedlikehald

  • Kassearbeid og ordrehandtering

  • Planlegging og gjennomføring av kampanjar

  • Bidra til eit trygt, ryddig og effektivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • Ei variert rolle i eit solid og framtidsretta konsern

  • Grundig opplæring gjennom Optimera Akademiet

  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø

  • Forutsigbar turnus og trygge rammer

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Personalkjøpsordningar og aksjeprogram

  • Moglegheit for vidare utvikling i konsernet

Arbeidstid

Du blir del av eit team på seks seljarar i innebutikk.
Turnus innanfor opningstidene:
Måndag--fredag: 07.00--17.00
Laurdag: 09.00--16.00

OPP -- våre kjerneverdiar: Vi er Offensive -- vi ser framover og finn løysingar.
Vi er Profesjonelle -- vi held det vi lovar.
Vi er Personlege -- vi forstår menneska og byggjer relasjonar.

Høyrest dette ut som noko for deg?

Send inn CV og kort søknad. Søknader blir behandla fortløpande.

Kontaktperson
Ørjan Andre Nautnes
Dagleg leiar -- Montér Førde
Tlf: 469 12 740
E-post: orjan.andre.nautnes@monter.no

Bakgrunnssjekk
Som en del av vår rekrutteringsprosess benytter vi bakgrunnssjekk via Semac for aktuelle kandidater.

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3481e4f6-f972-4257-b030-afdad639d4f8

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

448376546

Lignende annonser

Laster lignende annonser