Teknisk inspektør
Alsaker Fjordbruk
5694 Onarheim, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Teknisk inspektør
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. august
Alsaker Fjordbruk har ein stor flåte med servicebåtar og stålflåtar. Desse skal til ei kvar tid skal vera i tipp topp stand for å utføra store og små arbeidsoperasjonar knytt til oppdrettsverksemda. I rolla som teknisk inspektør vert du ein viktig brikke for å oppretthalde den gode kvaliteten på servicebåtane våre, samt sikre gode vedlikehaldsrutinar slik at utstyret alltid er klart til neste prosjekt, og båtane yt maks i ein travel kvardag.
I tillegg til administrativ rolle vil du i stillinga vera synleg i felten. Kontorstad vil vera på Onarheim, men du må pårekna å reise både sjøvegen og med bil til våre båtar og lokasjonar.
Som teknisk inspektør vert du ein del av vårt solide faglege miljø, og har mange diskusjonspartnarar innan ulike fagfelt.
Vår tekniske inspektør søkjer no nye utfordringar, me ser etter hans etterfølgar
Arbeidsoppgåver:- Viktig diskusjonspartnar for våre skiprar og servicepersonell
- Innkjøp av teknisk og mekanisk utstyr
- Overordna ansvar for internkontroll- og vedlikehaldssystem, avvikshandtering
- Planlegge årleg verkstadopphald/slipping
- Fokus på teknisk oppfølging av maritimt utstyr og tilhøyrande dokumentasjon, samt installasjon av utstyr
- Prosjektdeltakar ved nybygg og installasjonar
- Relevant maritim, teknisk eller mekanisk utdanning, eller erfaring frå tilsvarande
- Framoverlent og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Utfører planar og har stå på vilje
- Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, fagleg dyktig og hektisk miljø
- Konkurransedyktige vilkår
Søknader vert vurdert fortløpande. Endeleg søknadsfrist 8. august 2025.
Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på!
Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden.
Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjordenwww.alsaker.no
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
346f7573-92fd-4018-926f-8ce61d9b3611
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4536084