Vi søkjer etter dyktig helsesekretær eller bioingeniør til fast stilling på dagtid
Alver kommune Legetenesta
Eidavegen 532, 5993 Ostereidet
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær eller bioingeniør - 60 % fast stilling på Ostereidet legekontor
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Vi har no ledig ein fast 60 % stilling som autorisert helsesekretær eller bioingeniør ved Ostereidet legekontor. Stillinga er ledig frå 01.09.2023, eller etter avtale.
Dersom du er helsesekretær kan stillinga eventuelt kombinerast med 40 % fast stilling på Lindås legekontor som også er utlyst. Vi gjer merksam på at dersom du ønskjer dette må du legge inn søknad på begge stillingane.
Om Ostereidet legekontorOstereidet legekontor har ein næringsdrivande fastlege. Legekontoret tek i mot akutte pasientar og vanlege listepasientar. Det er ein sjukepleiar og ein helsesekretær/ bioingeniør på kontoret, og det er god trivsel og stabile tilsette. Det er eit veldreve kontor, der god samhandling mellom legar og helsepersonell er viktig i ein travel arbeidsdag. Ostereidet legekontor ligg lokalisert ved Ostereidet senter.
Arbeidet er organisert med heile arbeidsdagar.
Arbeidsoppgåver- Skiftestovearbeid
- Telefon og resepsjon
- Laboratoriearbeid
- Kvalitetsarbeid
- Driftsoppgåver etter avtale med lege
- Autorisert helsesekretær eller bioingeniør
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Grunnleggjande god digital kompetanse
- Erfaring med Infodoc
- Relevant arbeidserfaring frå legekontor
• Utføre arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis på legekontor
• Gode samarbeidsevner i ein travel kvardag
• Ta initiativ til og bidra i forbetrings- og utviklingsarbeid
• Ha evne til å arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og i samarbeid med legane
• Fleksibel og endringsvillig
• Ha godt humør og vere løysingsorientert
• Du er ein positiv bidragsytar inn i arbeidsmiljøet ved kontoret
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilby- Løn etter gjeldande tariff.
- Kollegafellesskap som samarbeider godt for å tilby gode helstenester
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Mogelegheit for å vere med å vidareutvikle legekontoret, med fokus på kompetanseheving og kvalitetsforbedring
- Arbeid på dagtid
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker duTrykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2358529
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3171213_202963_nn