Vil du vere med å halde kommunen rein og samtidig få ein aktiv arbeidskvardag?
Fjaler kommune Reinhaldssentralen
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige vikariat i reinhaldssentralen
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. mars
Reinhaldssentralen har to ledige vikariat i 50 % stillling med oppstart etter avtale og varigheit til juni 2027.
Vi ser etter deg som trivst med reinhaldsarbeid, er nøyaktig, engasjert og påliteleg. Begge stillingane har arbeidsstad ved Flekke skule, med arbeidstid på dagtid måndag til fredag og oppstart kl. 06.00.
Arbeidsoppgåver
- dagleg og periodisk reinhald
- golvvedlikehald
- hovudreinhald
- andre oppgåver innan reinhaldsfaget
Kvalifikasjonar
- fagbrev som reinhaldsoperatør er ynskjeleg
- søkjarar med erfaring og/eller interesse for reinhaldsarbeid er òg velkomne
- ynskjeleg med bestått B1 norsk skriftleg og munnleg
- førarkort klasse B
- søkjarar må ha fylt 18 år
- den som vert tilsett må legge fram politiattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- fleksibel og løysingsorientert
- serviceorient og omgjengeleg
- punktleg og nøyaktig
- trivst med varierte reinhaldsoppgåver og fysisk arbeid
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- løn etter tariff
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
342cdfb9-994d-462f-bd39-4e174e59a7bf
- Sist endret
11. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3604681_173799_nn