Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar, med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med kirurgiske pre- og postoperative sjukepleieoppgåver.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Vi har ledig:
- 80 % fast stilling
- 77 % fast stilling
- 100 % vikariat
- 80 % vikariat
- 72 % vikariat
- 70 % vikariat
Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Frå hausten av planleggjer vi arbeid med langvakter kvar 4. helg for dei som ønskjer dette. Stillingane er ledig frå no eller etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Fast stilling kan og kombinerast med vikariat for å oppnå høgare prosent. Det er også mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ta vare på det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane
- Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve
- Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar
- Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunar
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar
- 3.års sjukepleiestudentar kan også søke
- Du meistrar godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav
- Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du har eit fagleg engasjement
- Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
- Du samarbeidar godt i team, men jobbar også godt sjølvstendig
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du er positiv og har gode haldningar
- Du er pasientorientert
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
- Fagkveldar med fagutviklingsjukepleiar, kombinert med sosialt fokus
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, +47 70105885, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4987790392
Stillingsprosent: 80, 77, 100, 72, 70%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 20.07.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
342c06f3-ee52-4afc-bea3-4dc43fb031d0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b1678091fe304187ad9748bb49dad393