IT konsulent Nordfjordnett
Kinn kommune
Myrane 14, 6718 Deknepollen
Om jobben
- Stillingstittel
- IT konsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
På avdelinga vår Server og applikasjon driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IKT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Avdelinga er også sentral i digitaliseringa av kommunane og deltek i ein rekke prosjekt. Server og applikasjon er ei av tre avdelingar på driftssenteret som er plassert i Deknepollen. Samarbeidet omfattar også ei strategisk eining for digitalisering og utvikling som er lokalisert på Nordfjordeid.
Nordfjordnett har hovudkontor i Deknepollen ved Måløy. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.
Arbeidsoppgåver
- Implementering, drift og vedlikehald av IT system og IT utstyr
- Teknisk rådgjeving
- Vere ein ressursperson i teamet på fleire av våre tenester, og bidra aktivt til kompetansedeling internt
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har lang erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:- Microsoft 365-plattformen, MS Entra ID, Sharepoint og Teams
- IT-sikkerheit
- Drift av kommunale fagsystem (sak/arkiv, helse/lege)
- Sentralisert drift, operativsystem, plattformer og enheter (PC, mobil, nettbrett)
- Prosjektarbeid og prosjektkoordinering
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- Gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode analytiske evner og ei genuin interesse for IT og teknologi
- Du er ansvarsbevisst med fokus på sikkerheit og kvalitet
- Du er omgjengeleg, har godt humør og er serviceinnstilt
- Du jobbar godt i team, men også sjølvstendig
- Du er omstillingsdyktig og endringsorientert
Vi tilbyr
Løn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningar
Eit godt arbeidsmiljø der det blir lagt vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
God opplæring og jamlege fagøkter
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høg aktivitet
Kontaktinformasjon
Willy Nordpoll, Dagleg leiar, +47 975 19 520Anne Ruth Botn Bjørlo, Assisterande dagleg leiar, +47 918 09 077
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5045655085
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2025
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3427d4a9-8204-404a-92ee-a6aa074b372a
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e53b8ca5b23d46caba8f708b4fd128f5
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sky Rekruttering As
Sted
Deknepollen
Elektriker
Arbeidsgiver
Sky Rekruttering As
Sted
Deknepollen
Kjøkkenhjelp (ikke privathusholdning)
Arbeidsgiver
Norsk Natursenter As
Sted
Øvre Eidfjord, Vestland
Arbeidsleder kantine
Arbeidsgiver
Toma Facility Norge As Avd Bergen
Sted
Bergen, Vestland