Vil du vere lærling i Solund kommune?
Solund kommune Helse og omsorg
Hardbakke, 6924 Hardbakke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling helsefag
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Solund kommune har som mål å rekruttere ein lærling i helsefag for perioden 2025 - 2027.
Vi har god erfaring med lærlingar, og kan tilby 2 års læretid med oppstart hausten 2025.
For lærling i helsefag vil vi tilby variert praksis på alders- og sjukeheim, heimetenesta og tenesta for psykisk utviklingshemma.
I helse og omsorgssektoren har vi mange dyktige medarbeidarar som vil ta godt vare på deg som ynskjer å bli ein god helsefagarbeidar.
Som lærling vil du få eigen fagleg ansvarleg som fylgjer opp læreløpet saman med deg, samt rettleiarar i avdelinga som føl opp med rettleiing og opplæring i dei daglege gjeremåla.
- godkjent politiattest før tiltreding
- må kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
- fullført og bestått vidaregåande 1 og 2 innan helsefag
- bør ha førarkort kl. B sidan oppgåvene ved læreplassen er knytt til heimetenesta i kommunen
- løn som lærling etter gjeldande regelverk
- god pensjonsordning i KLP
- eit spanande og godt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- fagmiljø i eit godt team
- hjelp til å finne passande bustad
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi håpar du har lyst til å fortsette vegen mot fagbrev hos oss og sender ein søknad!
Offentleg søkjarliste:Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukeridentitet og passord i EasyCruit.
Velkomen som søkjar! Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2888706
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3476431_140887_nn