Hopp til innhold

Sommerjobb til personar med utviklingshemming

Arbeidsgiver

Arbeid og aktivitet, Ålesund kommune

Sted

Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Sommerjobb til personar med utviklingshemming
Type ansettelse
Engasjement, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Ålesund kommune ved verksemd Arbeid og Aktivitet vil gi tre ungdommar som skal starte eller som går på vidaregåande skule, og som har ei utviklingshemming tilbod om sommarjobb. Vi vil ha inntil tre stillingar. Du vil få moglegheit til å jobbe i inntil 4 veker frå skuleslutt til skulestart, og i inntil 15 timar per veke. Har du ein draum/tankar om kva du vil arbeide med i framtida? Dersom du har dette hører vi gjerne fra deg. 

Vi vil i samarbeid med deg og dine nærpersonar og andre prøve å bistå deg slik at du får sommarjobb innan noko du ser for deg du vil halde på med i framtida. Du kan også berre ha eit ønske om å teste ut arbeidslivet. Vi ønsker at du skal oppleve mestring, inkludering og trivsel i ditt møte med arbeidslivet. Vi vil hjelpe deg å prøve å finne ein arbeidsplass der du kan trives, og som kan skape motivasjon til val i framtida. For å kunne lykkast er vi avhengig av å samarbeide med arbeidsplassar som kan ha ein fadder som fyl deg opp i aktuelt tidsrom. 

Kanskje er draumejobben din i barnehage, på sjukeheim, på hotell, som vaktmester, på butikk, på cafè eller liknande. Vi kan ikkje love at vi lukkast å finne jobb akkurat der du ønsker, men vi skal gjere vårt beste.

Kanskje kjenner du nokon som kan bidra med å skaffe deg sommarjobb og følge deg opp? Eller kanskje du har hatt sommerjobb tidlegare? 
Sjekk ut dette tilbodet til NAV: Tilskudd til sommerjobb-nav.no.
Dette er verdt å undersøke dersom du ikkje fyller kriteriar for å søke på sommerjobb i denne annonsa. Det er ønskeleg at dei som kanskje har ein jobb/fadder allereie går i dialog med aktuelle arbeidsgivere og NAV snarleg for å finne ut om ein kan nytte tilskuddsordninga det er lenka til. Dersom det ikkje er mogleg kan ein søke på sommerjobb via Ålesund kommune.   


Arbeidsoppgåver

  • Skriv ein søknad om kven du er, kva du har lyst å arbeide med og om du har nokon som kan bistå deg med å ordne ein arbeidsplass. Eller som kan være fadder på aktuell arbeidsplass. Vi bistår viss du ikkje har dette. 
  • Vi ønsker også at du skriv kva arbeidsoppgåver du kan klare. Du må gjerne få hjelp til å skrive søknaden din. 
  • Vi ønsker også at du skriv om du har nærpersonar/andre som kan bistå deg dersom du vil arbeide i veke 28-31. Grunna ferieavvikling har ikkje Arbeid og Aktivitet nokon som kan bistå i aktuelt tidsrom.

Kvalifikasjonar

  • Du må være busett i Ålesund kommune. 
  • Du må skulle starte eller gå på vidaregåande skule i år og ha diagnose psykisk utviklingshemming/utviklingsforstyrring. 
  • Du ønsker å prøve ut arbeidslivet i trygge rammer.
  • Du har ein draum om å få jobb i ordinært arbeidsliv eller liknande når du er ferdig på vidaregåande.
  • Du ønsker jobberfaring ut i frå dine interesser.
  • Du klarar å arbeide nokså sjølvstendig med oppfølging og tilrettelegging i forhold til arbeidsoppgåver av ein fadder på arbeidsplassen. 
  • Du klarar å komme deg til og frå arbeid, og til og frå eventuelle tilsynsordningar før og etter arbeidstid.
  • Du kan arbeide i tidsrommet 22 juni og fram til 3 juli, og fra 3 august og fram til 14 august - dette blir individuelt tilpassa. Grunna ferieavvikling i arbeid og aktivitet i veke 27,28,29 og 30 må du ha nokon andre som fyl deg og arbeidsgivar opp dersom du helst ønsker å jobbe i dette tidsrommet. 

  • Vi ønsker at du oppgir ein referanse som kjenner deg og dine behov godt.

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert til å prøve deg i arbeidslivet. 
  • Du møter til avtalt tid og gir beskjed ved fravær.
  • Du er positiv. 
  • Du ønsker å være ein del av arbeidslivet i framtida di.
  • Dersom du fyller vilkår for å søke på sommerjobb vil du bli kalla inn til intervju før vi samarbeidar om å finne eigna arbeidsplass. 

Vi tilbyr

Du vil få ein avtale om arbeidspraksis med oppmuntringspengar frå Ålesund kommune. Vi tilbyr 166 kroner timen. 
Oppmuntringspengar vil bli utbetalt av Ålesund kommune sjølv om du har praksis i det private næringslivet. Oppmuntringspengar vil ikkje generere feriepengar til komande år.

Dersom du får sommerjobb via tilskuddsordninga til NAV vil deira reglar gjelde. Ålesund kommune vil også samarbeide med NAV dersom du er ein aktuell kandidat. 
Du vil få prøve deg i arbeidslivet slik du kan lettare ta val om kva du vil arbeide med i framtida.
Du vil bli kalla inn til intervju dersom du fyller vilkår for å få sommerjobb/arbeidspraksis. Ålesund vil etter kriteriar gjere eit utval av kandidatar som får komme til intervju. Ved mange søkere vil kandidatar som ikkje har fått moglegheiten tidlegare bli prioritert dersom ein fyller kriteriane for å få sommerjobb. 
Saman lagar vi informasjon som blir gitt til aktuell arbeidsgivar.
Du leverar timelista di til Arbeid og Aktivitet før 25 august og får utbetaling den 12 september 26.

Kontaktinformasjon

Stine Yvonne Botn Løvold, Verkesemdsleiar, 970 05 844, stine.yvonne.botn.lovold@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5076909790
Stillingsprosent: 30%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Stine Yvonne Botn Løvold

Verkesemdsleiar

970 05 844

stine.yvonne.botn.lovold@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

34072435-20eb-44b4-8477-f8c9ae7c24eb

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a7e0d24429274106b843563ae481f216

Lignende annonser

Ferievikar til botjeneste avdeling Olsvika, Ratvika, Bogneset, Kyrkjehuagen og Hatlasvingen

Arbeidsgiver

Avdeling Ratvika, Kyrkjehaugen, Bogneset, Hatlasvingen og Olsvika 

Sted

Ålesund, Ålesund, Ålesund, Ålesund, Ålesund