Lærar
Volda kommune, Volda ungdomsskule og Bratteberg skule
Stormyra 2, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Ved Volda ungdomsskule og Bratteberg skule er det behov for vikarstillingar fram til 31.07.2025.
* Ved Volda ungdomsskule er det behov for vikar i 100% lærarstilling, i vikariat frå 03.03.25 - 31.07.25.
Søkaren må ha godkjent pedagogisk utdanning, og det er ønskeleg med minimum 60 stp i norskfaget. Det er i tillegg ønskeleg med kompetanse i kroppsøving, KRLE og samfunnsfag. Også andre fag og arbeidsoppgåver kan vere aktuelle.
Utover dei konkrete behova som er nemnt over, kan det også vere aktuelt med kortare vikariat knytt til andre fag. Vi oppmodar difor alle med godkjent pedagogisk utdanning og fagbakgrunn om å søkje.
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
* Ved Bratteberg skule er det behov for vikar i 100% stilling, i vikariat snarleg og fram til 31.07.2025.
Søkaren må ha godkjent pedagogisk utdanning, samt minimum 180 stp i relevante undervisningsfag. For denne stillinga er det fortrinnsvis GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning ein ser etter.
Utover dei konkrete behova som er nemnt over, kan det også vere aktuelt med kortare vikariat knytt til andre fag. Vi oppmodar difor alle med godkjent pedagogisk utdanning og fagbakgrunn om å søkje.
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
Førebu, gjennomføre og etterarbeide undervisning. Anna tid med elevane, som til dømes elevsamtalar og tilsyn i friminutt. Legge til rette for og leie eit trygt og godt læringsmiljø, i nært samarbeid med elevar, føresette og kollegaer. Samarbeid med naturlege faginstansar, til dømes helsestasjon, PPT, BUP og barnevern. Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn og unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid. Alle lærarar i grunnskulen i Volda må vere budde på å ta kontaktlæraransvar. Fleire av skulane er praksisskular, noko som gjer at alle lærarar må vere budde på å bidra inn mot lærarstudentar og praksis.
Sektor oppvekst arbeider etter visjonen om at "Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer". Alle våre tilsette skal ha dette som leiestjerne i sitt daglege arbeid.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning, ved høgskule eller universitet. Dette inneber godkjent pedagogisk utdanning, samt minimum 180 stp i relevante undervisningsfag. Volda kommune etterspør særleg lærarar som oppfyller kompetansekrava om 60 stp/30 stp i faga norsk, matematikk og engelsk (høvesvis ungdomssteget og barnesteget). Vi ser det som ein fordel at lærarane har breiast mogleg fagkompetanse.
Vi søkjer etter lærarar med god kunnskap i faga dei skal undervise i, som er autoritative vaksne og gode klasseleiarar med evne til å bygge gode relasjonar med elevane.
CV må fyllast ut i søknaden. Søkarane må og spesifisere i søknaden kva fag dei har 30, 60 eller meir studiepoeng i.
Personlege eigenskapar
Vi forventar at den som vert tilsett har god evne til å bygge relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar.
Vi forventar og at ein syner god evne til samarbeid og sjølvstende i arbeidet, og at ein er med på å ta initiativ i skulen sitt faglege utviklingsarbeid.
Som arbeidsgjevar legg sektor oppvekst vekt på at våre lærarar skal ha god kompetanse innan klasseleiing.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jf oppl.lova § 10-9. Prøvetida i Volda kommune er 6 månader. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i SPK. Stillinga er plassert i kap 4, lønsplassering, stillingskode og ansiennitet vert fastsett ved tilsetjing.
Fleire opplysningar får ein ved å vende seg til assisterande rektorar ved Volda ungdomsskule: Kjersti Markegård, tlf 482 59 846 og Monica Ertresvåg, tlf 990 21 279, og rektor ved Bratteberg skule: Anita Brekke, tlf 47865060.
Kontaktinformasjon
Anita Brekke, rektor Bratteberg skule, 47865060, anita.brekke@voldaskulen.noMonica Ertresvåg, assisterande rektor Volda ungdomsskule, 99021279, monica.ertresvag@voldaskulen.no
Kjersti Markegård, assisterande rektor Volda ungdomsskule, 48259846, kjersti.markegard@voldaskulen.no
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4913838885
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.02.2025
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2848271
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6ff69958ac24d1f9f80eff2ebdcf6ac