Lege i spesialisering, 50% vikariat
Nordfjord BUP, Helse Førde
Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. juli
BUP Nordfjord har ledig årsvikariat for LIS 2/3 i 50% stilling frå hausten 2025.
Nordfjord BUP er ein av tre poliklinikkar i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde. Avdelinga har også ein sengepost, denne er lokalisert i Førde.
Geografisk dekker Nordfjord BUP Gloppen, Stryn, Stad og Måløydelen av Kinn.
Poliklinikken har rundt 18 medarbeikommunanedarar totalt, inkludert to overlegar og to LIS, samt sosionomar/barnevernpedagogar, psykiatrisk sjukepleiar, pedagogar, kreativ terapeut, psykologar, sekretær og konsulent. Dei fleste er spesialister og vi jobber i tverrfaglege team.
Nordfjord BUP sitt motto er: Vi utviklar oss i samspel heile livet!
Vi søkjer etter LIS som er interessert i å jobbe med barn og unge innan psykisk helsevern og som liker å samarbeide med andre fagpersoner.
Arbeidsoppgåver
- Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske- og nevropsykiatriske lidingar hos barn og unge
- Samarbeide med førstelina og andre i spesialisthelsetjenesta om eit heilheitleg helsetilbod
- LIS får rettleiing av overlege
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Beherske norsk svært godt, både skriftleg og munnleg
- Ha god rolle- og systemforståing
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
- Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte, slik at vi gjer kvarandre betre
- Fagleg nysgjerrigheit, engasjement, kreativitet og fleksibilitet i møte med arbeidsoppgåver
- Like varierte utfordringar og må trivst i et aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Mange spennande arbeidsoppgåver
- Et aktivt tverrfaglig fellesskap med høg kompetanse, som er ope for nye tankar/idear og alltid ser etter fornying og forbetring
- God fagleg videreutvikling gjennom arbeidspraksis, rettleiing, internundervisning og kurs
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mary-Ann Refseth, Seksjonsleiar, (+47) 578 64 350Arbeidssted
Sjukehusvegen 76770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4983930033
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 01.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Mary-Ann Refseth
Seksjonsleiar
(+47) 578 64 350
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33e2bbee-82c4-42d0-ad50-2424bd340066
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d9c8a5499c6a401e9d81155d59fe450f