Sjukepleiar/vernepleiar
Utgreiing og behandling psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 56%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 24. juni
Ved Utgreiing og behandling, psykisk helse Ålesund, har vi no ledig faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar, på natt.
Vi søkjer deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivilligheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
- Stilling 1 - Fast stilling: 56% p.t. arbeid på natt, med arbeid kvar 3. helg. Oppstart etter avtale.
- Stilling 2 - Fast stilling: 56% p.t. arbeid på natt, med arbeid kvar 3. helg. Oppstart etter avtale.
- Stilling 3 - Fast stilling: 52% p.t. arbeid på natt, med arbeid kvar 3. helg. Oppstart etter avtale.
Utgreiing og behandling er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Utgreiing og behandling har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrrelsar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiater, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltak
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til fagleg utvikling av sjukehuspsykiatrien
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vernepleiar med norsk autorisasjon kan også søkje
- Ønskjeleg med relevant erfaring i psykisk helsearbeid eller rus, men å vere personleg eigna veg tyngst
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig
- Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre
- Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
- Du bidreg til godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, 70106510, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.noLine Myrseth Garli, Teamkoordinator, 70106589, line.myrseth.garli@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4980851407
Stillingsprosent: 56%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 24.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33c9d5c3-08a9-44fe-94f0-e8612d1c461e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8a9ae525b9d747f8bd3562cdf4c1fb05