Hopp til innhold

Vil du bli vår nye matros?

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6590 Tustna

Om jobben

Stillingstittel
Matros i sambandet Edøya - Sandvika, p.t. MF Smøla
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

Vi søker etter matros på sambandet Edøya - Sandvika, p.t. MF Smøla

Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. 

Fergestrekninga Edøya - Sandvika er ei viktig sambandsline på Nordmøre, med stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.

I denne stillinga jobbar du 2 veke på (1 uke dag/1 uke natt) og 2 veke fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid.

Søkjer treng ikkje å bu lokalt da det er hybel tilgjengelig.


Arbeidsoppgåver

  • Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord
  • Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet
  • Oppgåver iht. alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Kundebehandling
  • Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna

    Kvalifikasjonar

    • Ferdigheitssertifikat Matros
    • Ferdigheitssertifikat HMOB
    • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkertheitsopplæring
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseerklæring

    Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
    • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
    • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
    • Skiftordning: 2 veke på (1 uke dag/1 uke natt) og 2 veke fri. 

    Kontaktinformasjon

    Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

    Arbeidsstad


    6590 Aure Municipality

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5133549766
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 01.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jill Mari Juberg

    Rekrutteringsmedarbeider

    +47 +4794082518

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    33c82336-b3ad-4145-ae5b-01681f6797fc

    Sist endret

    21. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8539d6871316482e9e33ddb98f3b1c57

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser