Hopp til innhold

Miljøterapeut - fast helgestilling

Arbeidsgiver

Fana og Ytrebygda ungdomssenter avd. Skjold, Bufetat

Sted

Skjoldvegen 51, 5221 Nesttun

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut - fast helgestilling
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Avdeling skjold er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli.

Bufetat gjennomfører no ein pilot der fleire institusjonsavdelingar blir samla i éi felles eining. Målet er å gi barn og unge eit tryggare og meir samanhengande tilbod, utan unødige brot i institusjonsløpet. Modellen skal sørgje for at ungdom får rett helsehjelp og god oppfølging  frå første dag. I piloten skal Fana og Ytrebygda ungdomssenter ta imot ungdom i ulike målgrupper.

Skjold er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år.
Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1

Avdeling Skjold har ledig fast deltidsstilling 18,78%. Stillinga er ledig omgåande. 
Stillinga er per i dag kvar 3.helg, lørdag og søndag kveld. Det er også moglegheit, og ønskjeleg, for ekstravaktar og deltaking på fagmøter utanom faste vaktar i turnus. 

Det kan også være moglegheitar for vikariat av ulik storleik og lengdar ved eininga, samt
moglegheit for tilkallingsvikarar. Søkjarar som òg er interesserte i tilkallingsvikariat, blir oppmoda til å opplyse om dette i søknaden.


Arbeidsoppgaver

Miljøterapi i en omsorgsinstitusjon

Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei blir ofte kjenneteikna ved å i tillegg til å vera "normale" tenåringar, også har samansette og omfattande utfordringar i liva sine. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar. Avdeling Skjold arbeider etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg, dialektisk atferdsterapi mv.

Målet vårt er å bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.

For å lykkast er følgjande viktig at vi: 

  • Utfører miljøterapeutisk arbeid med kunnskapsbaserte metodar.
  • Sikrar god tverrfagleg samhandling rundt ungdommen.
  • Dokumenterer godt og ivaretek rettstryggleik.
  • Reflekterer over eigen rolle i møte med barn, unge og samarbeidspartnarar.
  • Handterer kriser, stress og stabiliserer barn i uro.
  • Førebyggjer og handterer skadeleg åtferd.
  • Oppdagar og følgjer opp omsorgssvikt og vald.
  • Kartlegg behov og følgjer opp faglege planar.

Kvalifikasjoner

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. 
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.   
  • Kandidatar utan høgskuleutdanning, som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan også søkje.
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, særleg med ungdom med utfordrande åtferd. 
  • Kjennskap til barnevernslova og barnevernets arbeid er ønskjeleg.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Førarkort for personbil. 
  • Kjennskap til rettigheitsforskriften og traumebevisst omsorg er ønskjeleg.

Personlige egenskaper

  • Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
  • Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.

Du evner å:

  • bygge relasjonar.
  • la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.
  • arbeide sjølvstendig , metodisk og i team.
  • analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
  • halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Vidare ønskjer vi at du:
  • har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar
  • ønskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar
  • kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding
  • er punktleg og påliteleg

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Fana og Ytrebygda ungdomssenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig.

Vi tilbyr

Løn og stillingskode

Stillinga er plasserte i statleg lønsregulativ, og vert vurdert etter utdanning og erfaring

  • Bachelor stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, pt kr 490 000 – 615 000 pr. år. 
  • Vidareutdanning som er relevant, tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 550 000 – 670 000 pr. år. Ved master og klinisk spesialist: kr 548 600 – 670 000 pr. år. 
  • For søkjarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000. 
I tillegg kan vi tilby:
  • Eit godt fagleg miljø med støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med og utvikle tenestene slik at barn, unge og familiar får eit endå betre tilbod.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir:
    – god tenestepensjonsordning
    – moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår
    – yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

• Inkludering og mangfald er ein styrke, og gjer oss betre i stand til å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer søkjarar med ulik kompetanse, fagbakgrunn, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kryss av for dette i jobbsøkarportalen.
– Minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe blir kalla inn til intervju.
– Avkryssingane blir berre brukte til anonymisert statistikk.
• Stillinga er for tida lagt til Fana og Ytrebygda ungdomssenter, avdeling Skjold.
• Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. barnevernslova § 12‑11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

• Du kan be om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista.
– Ønsket må grunngjevast.
– Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket til følgje.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida.
Vitnemål og dokumentasjon:
• Norsk utdanning: Last opp vitnemål frå Vitnemålsportalen.
• Utdanning frå utlandet: Legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
• Vitnemål og attestar, med stadfesta stillingsstorleik og varigheit, skal lastast opp i Webcruiter og takast med til eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Cecilie Kronheim Opdal, Avdelingsleder, 466 16 479, ceciliekronheim.opdal@bufetat.no

Arbeidssted

Skjoldvegen 51
5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 5072245023
Stillingsprosent: 18,78%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Cecilie Kronheim Opdal

Avdelingsleder

466 16 479

ceciliekronheim.opdal@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

33ad09df-50ce-40de-b903-9fd1ad52746c

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f9262489155a4551b9517560eee8abdf

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Bergen Akuttsenter. avd. Toppe, Bufetat

Sted

Mjølkeråen

Arbeidsgiver

Lilletveitveien 71 bofellesskap, Bergen kommune

Sted

Nesttun