Lærar Kleppe skule Språkstasjon
Klepp kommune, Kleppe skule
Viervegen 10, 4351 Kleppe, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar Kleppe skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. mai
Vi har ledig lærarstilling på Språkstasjonen og søker nå etter ein motivert og engasjert lærar som ønsker å arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer. Stillinga er 100% og fast frå 01.08.25
Brenn du for å hjelpe litt ekstra? Kan du tenke deg å vere med å gje nyankomne elevar ein god start? Språkstasjonen er ei eiga avdeling på Kleppe skule som gjer norskopplæring til nyankomne elevar på 1.-7.trinn. Språkstasjonen er delt inn i tre grupper. Elevane går ca. eit år på Språkstasjonen før dei blir overført til nærskulen sin. På Språkstasjonen får dei opplæring i norskspråket, men dei har og andre fag som matematikk, samfunnsfag og praktisk-estetiske fag. Vi følger læreplan i grunnleggjande norsk. Elevane på Språkstasjonen deltek i alle fellesaktivitetar og arrangement på skulen.
Kleppe skule er ein barneskule med 460 elevar. Vi har sentral plassering med god bussforbindelse. Uteområdet vårt er stort og godt og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine.
Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlærar på Språkstasjonen 1.-7.trinn
- Undervisning i norsk, matematikk og andre fag etter behov
- Samarbeid med personal og andre instansar
- Heim-skule-samarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse
- Kompetanse innan fleirspråklege elevar, utdanning og/eller erfaring
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Ønskeleg med kompetanse på 1.-4.trinn og matematikk
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega.
- Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar.
- Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson.
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane.
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid.
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel.
- Du samarbeider og kommuniserer godt.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Klepp kommune har gode velferdsordningar, pensjons- og forsikringsordningar.
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
Kontaktinformasjon
Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767Arbeidsstad
Viervegen 104351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4969163478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Sylvia Gjersdal
Rektor
+47 92839767
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2941546
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0de638622914437ca12b4eb4cd33be8f