ID 2404 Helsefagarbeidar natt - Tenester til heimebuande
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 78%
- Arbeidstid
- Turnus, natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer å gjere ein forskjell -- og trivst med nattarbeid? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
Heimebaserte tenester i Stord er delt inn i område med eigne helseteam. I tillegg har me Demensteam og Sjukepleie- og meistringsteam som gir tenester i heile området. Me jobbar aktivt med å nytte ressursane våre på ein best mogleg måte, med fokus på kompetanse og oppgåvedeling.
Det er ledig fast 78% stilling for Helsefagarbeider natt.Det kan bli ledig andre stillingar ved eventuelle intern tilsetting.
Arbeidsoppgåver:Som helsefagarbeidar på natt vil du vere ein del av eit team som sikrar gode og trygge tenester til brukarane våre gjennom natta. Heimebuande uavhengig av diagnose kan ha vedtak om tenester på natt. Du møter brukar og pårørande med respekt og med fokus på <<Kva er viktig for deg?>>, og arbeider i tråd med vedtak og tildelte timar.
Kvalifikasjonskrav:-
Autorisasjon som helsefagarbeidar
-
Erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
-
Personar med erfaring frå eldreomsorg og som jobbar mot fagbrev, eller lærlingar på siste året, er også velkomne til å søkje
-
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
-
Førarkort klasse B
-
Er ansvarsbevisst, strukturert og nøyaktig
-
Er fagleg oppdatert og engasjert i kunnskapsbasert praksis
-
Har høg arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner
-
Kan arbeide sjølvstendig og i team
-
Har gode kommunikasjonsevner
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt
-
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Engasjerte kollegaer med brei kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Eit arbeidsmiljø med fokus på ansvar og oppgåvedeling
-
Høgt fagleg nivå
-
IA-bedrift og bedriftshelseteneste
-
Tilgang til Stord Ve og Vel med leige av leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og utstyr
-
Løn og vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
-
Årsturnus
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33967886-da03-4830-adee-f85cb08e8e4e
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
33967886-da03-4830-adee-f85cb08e8e4e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø
Arbeidsgiver
Natt-tenesta i Kvam
Sted
Norheimsund