Er du ein lagspelar, som vil vera med å skapa eit godt lag rundt elevane våre?
Sirdal kommune Enhet skule
Tonstadveien 28, 4440 Tonstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% vikariat som fagarbeidar ved Tonstad skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 4. november
Det blir ledig vikariat i 100% som fagarbeidar ved Tonstad skule frå 01.01.26 til 31.12.26
Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad. Skulen er ein kombinert skule med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulen er oppteken av læring i eit inkluderande læringsmiljø og arbeider med å bygge gode profesjonsfellesskap. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulen har god vaksentettleik.
Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng. Er dette noko for deg, så kom til oss!
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver:Skulen treng ein tilsett som skal ha ansvar for å følgje opp elevar i SFO og skule.
Arbeidsoppgåver i SFO må påreknast i heile SFO si åpningstid, òg i feriar der SFO har tilbod, etter avtale.
Den som blir tilsett vil samarbeida med andre på laget rundt elevane, som t.d. lærarar, SFO-leiar, andre SFO-tilsette og skulen si leiing.
Du vil mellom anna få ansvar for:
* ulike elevretta oppgåver i skuletida, som t.d å hjelpa enkeltelevar med utfordringar i fag, struktur eller åtferd
* å planleggja og gjennomføra aktivitetar i SFO
* deltaking i års- og månadsplanlegging i SFO, jamfør rammeplan
Vi ønskjer søkjarar med utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Anna relevant kompetanse, relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vurdert. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest og dokumentera kompetanse i både munnleg og skriftleg norsk tilsvarande B2-nivå.
Personlege eigenskapar:Vi søkjer deg som:
* deltek i det pedagogiske arbeidet med elevane
* er tydeleg, reflektert og ansvarleg, både overfor elevar og vaksne
* er varm og grensesetjande, og møter elevar på ein likeverdig, men ikkje likestilt måte
* har pågangsmot og evne til å handtera og stå i uforutsette og utfordrande situasjonar
* er serviceinnstilt, profesjonell og ansvarleg
* har evne til å vera i utvikling og reflektera over eigen praksis
* har evne til å jobba på lag i eit team, samt å vera sjølvstendig
* er positiv til endringar og glad i barn og ungdom
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing.
Anna:Opningstidene i skulefritidsordninga er for tida 06.45-16.00, fordelt på morgonøkt 06.45-08.50 og ettermiddagsøkt 13.35-16.00 alle dagar utan onsdagar. Onsdagar og heile dagar i ferietilbodet har same opningstid.
For stillinga gjeld:Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden.
Søknad til stilling i Sirdal kommune, skjer ved å nytta elektronisk søknadsskjema.
Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627.
Søknadsfrist: 04.11.2025Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33849706-3119-4f00-b7f1-69a436afb895
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3550637_204613_nn