Ledig lærarvikariat frå 01.01.2026 - 31.07.2026
Sirdal kommune
Tonstadveien 28, 4440 Tonstad
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledig lærarvikariat på Sinnes skule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 15. november
Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg i på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge skulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling av skulane våre.
Sinnes skule treng ein lærar som er engasjert, fleksibel, positiv, lojal, relasjonell og samarbeidsvilleg. Me er ein fådelt skule med 48 elevar, og leiinga er open for idear og gjev handlingsrom til kvar enkelt. Dei siste åra har klassar på Sinnes skule m.a. vore juryklasse i Bokslukerprisen, anmeldarklasse i Uprisen, vunne Tyskforum sin brødrene Grimm-konkurranse og vore finalistar i Skoglekene. Her kan du med andre ord utfalda deg kreativt i eit lite, men godt miljø med kjekke kollegaer og elevar.
Er du interessert i friluftsliv, ligg skulen midt i turområdet sommar som vinter, og me nyttar nærmiljøet aktivt i mange fag, t.d. uteskule og til korte og lengre turar med og utan overnatting. Det er òg symjehall og gymsal på skulen med hyppig bruk både i skuletida og på kveldstid. Skulen satsar elles på internasjonalisert undervising gjennom ASP-net, UNESCO sitt skulenettverk, og LeseLOS i tillegg til vidare arbeid med fagfornyinga og inkluderande praksis.
Me trivst med kjekke elevar og kollegaer i relativt nytt bygg med kontor til kvart team, og vil gjerne ha deg med på laget! Her får du høve til å vera både kreativ og aktivt forma lærarkvardagen. Du er hjarteleg velkomen!
KvalifikasjonarMe søkjer lærar som oppfyller opplæringslova sine krav om tilsetting og undervisingskompetanse, som meistrar norsk, både skriftleg og munnleg. Opplæringsmålet er nynorsk.
Skulane ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og særleg om du har undervisingskompetanse. Går du rett inn i den ledige stillinga, får du prøva deg på fleire klassetrinn, mest med norsk og engelsk, men fag kan ev. diskuterast. Det er ei 100% stilling. Om det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan anna kompetanse bli vurdert.
For stillingane gjeld:Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen.
Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette. Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.
Me ønskjer at du nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til
rektor ved Sinnes skule Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258, ev. Kristina Smedegård, tlf. 906 92 706.
Søknadsfrist: 15.11.25Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae453663-6775-46f1-8556-41230e1c7b81
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3556809_204613_nn
Lignende annonser
100% vikariat som fagarbeidar ved Tonstad skule
Arbeidsgiver
Sirdal kommune Enhet skule
Sted
Tonstad
Arbeidsgiver
Sirdal kommune Sirdal kommune
Sted
Tonstad
Tilkallingsvikarer i grunnskolen Lund kommune
Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur, Lund kommune
Sted
Moi