Kyrkjetenar
Det er ledig 20 % stilling som kyrkjetenar i Stordal kyrkje.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb og litt ekstra inntekt, så er dette jobben for deg. Studentar / skuleelevar er også velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja
- Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutiner for kyrkjetenarar
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov.
Kvalifikasjonar:
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/ klokkarar.
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som sjølvstende og samarbeid, samt å kunne møte menneske i ulike livssituasjonar.
- Må vere medlem av Den norske kyrkje.
- Kunne framlegge politiattest
Vi tilbyr:
- Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve
- Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
- Opplæring
Om bedriften
Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn i Fjord og Stranda kommunar med omlag 7200 innbyggjarar. Det vil vere omlag 10 årsverk fordelt på 18 personar i fellesrådet og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovedkontor er i Stranda. Stordal kyrkje ligg i Stordal sokn. Øystein Braathen er sokneprest og soknerådet stiller som kyrkjevertar og klokkarar, og andre tilsette deltek under eindel gudstenester. Særleg i høve trusoplæringstiltak og konfirmantarbeid.