Hopp til innhold

Overstyrmann Lote-Anda

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Lote-Anda, 6778 Lote

Om jobben

Stillingstittel
Overstyrmann pt. MF Eidsfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Attraktiv turnus: 1 veker på, 2 veker av. Kun dagvakter. 

Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og velferdsordningar. Lote-Anda er Norges første heilelektriske samband og vert drifta av nybygde fartøy frå 2016. 

Familievenleg turnus med mykje fri. Mogleg å bu om bord. 

Oppstart rundt starten av juli månad.

Kvifor bør du søke?
  • Du får ein nøkkelrolle i å sikre pålitelig drift.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Mykje fritid og ein ettertrakta turnus.

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift 
  • Vere avløysar for skipsførar 
  • Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg
  • Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
  • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
  • Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet 
  • Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
  • Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
  • Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal 
  • Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer 
  • Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet

Kvalifikasjonar

  • D3-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • ECDIS kurs
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 
  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
    • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
    • Gode velferdsordningar

     

    Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no.

    Kontaktinformasjon

    Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Lote-Anda
    6778 

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5096557345
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 07.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jonas Hovland

    Rekrutteringsrådgiver

    jonas.hovland@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    335e662a-c38b-466e-8a8c-474a8321cfa9

    Sist endret

    17. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    6c7e02b8a31f430ca42d3c472dd1dcfd

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser