Avdelingsleiar, 100 % stilling
FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. april
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane, i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar. I tillegg har skulen ca 100 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider og med nettskulen i Vestland fylke om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca 65 tilsette ved skulen.
Skulen har eit anlegg som er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: helsefagarbeidar og tannhelsesekretær utdanning for vaksne, studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama.
Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrke og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord.
Frå 01.08.2025 til 31.07.2027 har vi ledig 100% vikariat i stilling som avdelingsleiar ved skulen.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og som vil bidra med å utvikle profesjonsfellesskapet i skulen. Den som blir tilsett må ha evne og vilje til å bidra i arbeidet med å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa.
Det vil bli lagt noko undervisning til stillinga. Det kan og bli aktuelt å vidareføre tilsettinga utover den avtalte perioden.
Ansvarsområde for stillinga:
-I samarbeid med resten av leiargruppa utvikle skulen i samsvar med formålsparagrafen og skulen sin utviklingsplan
-Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
-Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
-Bidra i strategi- og utviklingsprosessar
-Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
-Personal ansvar
-Ansvar for økonomi i si avdeling
-Undervisning i aktuelle fag
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha pedagogisk kompetanse.
Det er ønskjeleg at du:
-har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
-har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
-har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
-er med og byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
-har kjennskap til lov og avtaleverk
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskapar
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er;- open, nytenkjande og tillitsskapande
- Har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
- Har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- Har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande
Vi tilbyr
- givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
- deltaking og fellesskap i leiargruppa både lokalt og på fylkesnivå
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom leiarane i fylket.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid.
Søknadsfrist 07.04.2025
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933
Kontaktinformasjon
Tove Hanne Ommedal, rektor, 93093933Arbeidsstad
Firdavegen 216823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4942303184
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 07.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Tove Hanne Ommedal
rektor
93093933
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2895767
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9974484b292c45a7aa6fa93f339439f6