Skipsførar på hurtigbåt i Stavanger
Maritim Drift, Fjord1 AS
Fiskepiren 1, 4013 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Skipsførar i sambandet Stavanger - Byøyene - Hommersåk.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. januar
I dag er det MS Sylvarnes som trafikkerer sambandet, men snart vil hurtigbåten MS Tansøy ta over. Tansøy er bygd i 2007 og ombygd til heilelektrisk fartøy i 2025. Dette markerer eit viktig steg i arbeidet vårt for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Turnus er per i dag 5 dager på arbeid, frå mandag til fredag, og 9 dager fri. Det kan forekomme endring framover – ny ordning vil då bli 1 veke på og 2 veker fri evt. 2 veker på og 4 veker fri, noko som gir deg ein god balanse mellom arbeid og fritid. Treng du det, tilbyr vi hybelordning i arbeidsperioden, og rederiet dekkjer reise til og frå arbeidsstaden.
Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.Arbeidsoppgåver
- Leiing av mannskapet og daglege operasjonar om bord
- Ansvar for sikkerheitsstyring og energileiing
- Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
- Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
- Ivaretaking av miljømessig tryggleik og etterleving av gjeldande miljøkrav
- Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D4-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy.
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Min 6 mnd fartstid som navigatør på hurtiggåande fartøy
- Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Offiserforbund
- Skiftordning: 5 dagar på, frå måndag til fredag, og 9 dagar fri. Endring i turnus til 1:2 eller 2:4 kan bli aktuelt
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Fiskepiren 14013 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5060027259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3313e3ff-28cd-481e-a2aa-e1c6765b2e78
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
687413387fe6483a826c4f8f2f7e4e25
Lignende annonser
Maskinpasser i sambandet Stavanger-Byøyene-Hommersåk
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Stavanger
Bygg fremtida di hos Fjord1 - frå 2.maskinist til maskinsjef.
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Bokn, Rennesøy
Arbeidsgiver
Rørheims Bilruter AS
Sted
Finnøy