Bygg fremtida di hos Fjord1 - frå 2.maskinist til maskinsjef
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
E39, 4150 Rennesøy, E39, 5561 Bokn
Om jobben
- Stillingstittel
- Bygg fremtida di hos Fjord1 - frå 2.maskinist til maskinsjef.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
Fjord1 har oppretta ei ny opplæringsstilling som 2. maskinist på sambandet Arsvågen – Mortavika.
Dette er ei unik moglegheit for deg som har ambisjonar om å bli maskinsjef og ønskjer ei langsiktig karriere hos oss. Du blir tilsett som 2. maskinist og får tett oppfølging og rettleiing frå erfarne kollegaer. Når den forventa kompetansen er oppnådd, vil du kunne tre inn i ledige stillingar som 1. maskinist – med mål om å utvikle deg vidare til maskinsjef. Dette er ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet – her er det alltid aktivitet, og du får ein jobb der dagane går fort og utfordringane er spennande. I denne stillinga må ein rekne med å tjenestegjere på alle fartøya i sambanda, per i dag MF Boknafjord, MF Stavangerfjord, MF Mastrafjord, MF Raunefjord og MF Bergensfjord.
Reisekostnader til og frå arbeidsperioden blir dekka av arbeidsgjevar.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Gjere seg kjend med sikkerhetsstyringssystemet.
- Gjere seg kjend med rutinar som gjeld stillinga.
- Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks.
- Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr.
- Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyrar.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Kvalifikasjonar
- Minimum M4-sertifikat
- Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- FSE lav- og høyspenning
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn etter tariffavtale mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anarkjent selskap.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, noko som gir deg god tid til både arbeid og fritid.
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5054285975
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d35471dc-3f23-48a0-a64b-de2c0f4e55a5
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
81c95b55652645d680222871337d793e
Lignende annonser
Maskinsjef/Maskinpassar - hurtigbåtane i Stavanger
Arbeidsgiver
Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Stavanger
Maskinsjef (skip)
Arbeidsgiver
Farmar Crewing As
Sted
Agder, Rogaland, Vestland, Danmark, Polen, Sverige
Arbeidsgiver
Farmar Crewing As
Sted
Agder, Rogaland, Vestland, Danmark, Polen, Sverige