Overlegestilling i klinisk farmakologi – Helse Bergen
Laboratorieklinikken/ Klinisk farmakologi, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Frå 1. januar 2026 har vi ledig to faste overlegestillingar ved Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Haukeland universitetssjukehus.
Seksjonen har eit breitt spekter av oppgåver innan rutinearbeid, forsking og undervisning, og er godkjend for hovudutdanning i spesialiteten klinisk farmakologi. Vi har i dag seks overlegar (inkludert ein i bistilling ved Universitetet i Bergen), fire legar i spesialisering (LIS), og ni farmasøytar. Fleire tilsette har også bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiing av Helse Bergen sin legemiddelkomité og koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket. RELIS Vest er ein integrert del av seksjonen.
Vi gir beslutningsstøtte til både primær- og spesialisthelsetenesta og formidlar kunnskap om riktig legemiddelbruk.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til vidare utvikling av klinisk farmakologi i Helse Bergen og Helseregion Vest
- Delta i seksjonen si vaktordning
- Rettleie LIS og samhandle med rekvirentar
- Undervise helsepersonell i klinisk farmakologi
- Få tildelt ansvar innan spesifikke satsingsområde, som samhandling med legemiddeltunge aktørar og kunnskapsformidling
- Delta i forsking og utvikling – det blir lagt til rette for dette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning i klinisk farmakologi. Søkarar som er i sluttstadiet av sin spesialisering kan også søke
- Erfaring frå rusmiddelfeltet og metodeutvikling/analysar av rusmiddel i ulike medium kan bli vektlagt
- Erfaring med samfunnsfarmakologiske problemstillingar, t.d. arbeid på føretaksnivå med legemiddelrelaterte saker kan bli vektlagt
- Erfaring som prosjektleiar, samt med formidling og forsking/publisering
- Doktorgrad kan bli vektlagt
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
- Interesse for forsking og utvikling
- Motivasjon og ansvarskjensle
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode moglegheiter for forsking
- Høgt fagleg nivå
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Camilla Borthen Methlie , Einingsleiar, 959 78 278, camilla.borthen.methlie@helse-bergen.noHege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, 55974397
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5040660478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Hege Hoff Skavøy
Avdelingssjef
55974397
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33134d50-bd02-4803-9239-34c850ce6e49
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9402918cf07a46a2b3063e01404fce14
Lignende annonser
LIS 2/3 i medisinsk biokjemi
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Bioingeniørar
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Sted
Bergen