Lærar i teknologi- og industrifag
Vestland fylkeskommune
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i teknologi- og industrifag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på www.flora.vgs.no.
Frå 01.08.2025 har vi ledig stilling som lærar i teknologi- og industrifag. Søknadsfrist 27.04.2025
Arbeidsoppgåver
Undervisning i aktuelle programfag på VG1 teknologi- og industrifag og VG2 Industriteknologi etter behov.Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver
Kvalifikasjonar
Fagbrev innan mekaniske fag eller relevante fagområde, samt minimum fire års relevant yrkeserfaring etter gjennomført fagbrev. Kjennskap til lokalt næringsliv er ønskjeleg.
Teknisk fagskule eller annen høyere utdanning, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning.
God og oppdatert kjennskap innan HMS, kvalitet og dokumentasjon.
Søkjarar utan formell undervisningskompetanse (fagleg og pedagogisk) kan tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan nærare gjeve frist.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som er oppteken av faga dine, likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell.Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og inkluderande.
Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling
og dermed kvaliteten på opplæringa.
Som lærar innan eit yrkesfag er det viktig å sjå utdanninga som primært ei førebuing til lære.
Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i
samarbeid med andre.
Du må vere reflektert både sjølv, og i lag med andre og vere motivert for å bidra til både eiga og andre si endring og utvikling.
Vi tilbyr
Løn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Utfordrende og spennende oppgaver i et utviklende fellesskap
Trivelige kollegaer.
Gode faglige utviklingsmuligheter.
Andre opplysningar:
Alle attestar og vitnemål må leggast ved søknaden.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett og overtalshandsaming i fylkeskommunen.
Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy (tlf 918 72 726) eller rektor Lars Anders Nybu (tlf 415 30 604) Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4949929920
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Lars Anders Nybu
Rektor ( vikariat)
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2909552
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d3801925733342a2a15c02e22373a99a