Pedagogisk leiar
Undheim barnehage, Time kommune
Sælandsvegen 21, 4342 Undheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. juni
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Undheim barnehage er ein 4 avdelingsbarnehage med plass til 65 barn. Me har fine lokale og eit flott stort uteområde. Me har eit tett samarbeid med idrettslaget og brukar idrettshallen fleire dagar i veka.
Barnehagen har fokus på språk, inkludering, meistring og rørsle. Me er opptatt av nærmiljøet og brukar bygda aktivt som hallen og idrettsanlegga. Turområda blir flittig brukt.
Totalt er me 6 pedagogar i tillegg til ein spesialpedagog og fagarbeidarar.
Barnehagen har i barnehageåret 2025–2026, 4 avdelingar med 60 barn.
Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av det pedagogiske arbeidet og organiseringa på avdelinga
- Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
- Fylja opp og rettleia personalet på avdelinga ved behov
- Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn
- Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette
- Foreldresamarbeid på avdelinga
- Delta i barnehagen si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærerutdanning.
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Tove Hersdal, styrar, 92257342, tove.hersdal@time.kommune.noArbeidsstad
Sælandsvegen 214342 UNDHEIM
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4969094016
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
32b82645-ab79-4dbc-a569-486c0375a231
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aed59cb9ab4045a7a882513128d9df2b