Hopp til innhold

Kokk ved produksjonskjøkkenet på Samnangerheimen

Arbeidsgiver

Samnanger kommune

Sted

Tyssevegen 97, 5650 Tysse

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Samnangerheimen søkjer ein kreativ og engasjert kokk til produksjonskjøkkenet vårt!

I stillinga får du eit viktig og meiningsfullt arbeid – du lagar lunsj og middag til pasientar på Samnangerheimen, samt middag til dagsenter og til heimebuande i kommunen.

Stillinga er 100 % fast, med arbeid kvar 3. helg.

Er i tillegg ledig ei stilling med arbeid kvar tredje helg på 13,5 %


Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av lunsj og middag etter meny og ernæringsplanar
  • Lage meny i samarbeid med tilsette på Samnangerheimen
  • Tilrettelegging for ulike kosthald og behov
  • Sikre god kvalitet og næringsinnhald i måltida
  • Bidra til god ernæring, trivsel og matglede for pasientar og brukarane
  • Medansvar til bestilling av varer
  • Følge hygieniske retningslinjer
  • Halda seg fagleg oppdatert
  • Arbeid kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

Krav
  • Har fagbrev som kokk eller relevant erfaring frå storkjøkken
  • Er kreativ, nytenkjande og opptatt av kvalitet
  • Har interesse for ernæring, behov og tilpassa kosthald
  • Er sjølvstendig, men trivst med samarbeid
  • Politiattest må framleggast
Ønskjer
  • For helgestillinga kan det vurderest anna fagpersonell, men må ha erfaring frå kjøkken

  • Personlege eigenskapar

    • Du er kreativ, nytenkjande og opptatt av kvalitet
    • Du har omsorg og respekt for brukarane og deira behov
    • Du er nøyaktig, har orden og fokus på hygiene, kosthald og ernæringsbehov
    • Du er løysingsorientert og tek initiativ i ein travel kvardag
    • Du trivst med å arbeide sjølvstendig, 
    • Du har positiv innstilling og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

    Me tilbyr

    • Sjølvstendig arbeid, samtidiog som ein  samarbeid med gode kollega i eit godt arbeidsmiljø 
    • Varierte arbeidsoppgåver 
    • Årsturnus 
    • Opplæring og  oppfølging 
    • Høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
    • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
    • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • Fleksible arbeidstidsordningar
    • Gode velferdsordningar

    Arbeidstilhøve

    Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

    Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

    Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


    Om oss

    Samnangerheimen og heimetenesta har integrerte tenester og ein jobbar både inne på Samnangerheimen og ute i heimetenesta. Ikkje berre får tilsette ulike arbeidsoppgåver og får avveksling i arbeidsdagen, men pasientane får tryggleik i å kjenna tilsette, uavhengig om dei er i egen heim eller kjem inn på Samnangerheimen.

    Samnangerheimen er ein flott sjukeheim med 25 plassar og ligg i fine omgivelsa på Haga med utsikt utover Samnangerfjorden. Målsetjinga vår er at Samnangerheimen skal vera ei plass der det er godt å bu og saman jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom. 

    I tillegg til langtidsplassar har Samnangerheimen som oppgåve å ta imot utskrivingsklare pasientar til korttidsopphald, rehabilitering, avlasting og palliativ pleie. Samnangerheimen har god fagdekning og høg kompetanse. Har eige produksjonskjøkken og me har stor fokus på det gode måltid og ernæring.


    Om bedriften

    I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    328cf0cc-444d-4221-aec0-9d5feffc2165

    Sist endret

    15. desember 2025

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10271944

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser