Er du den nye medarbeidaren vår? Me ser fram til å høyra frå deg.
Hjelmeland kommune Hjelmeland omsorgssenter
Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Stillingstittel
Heimehjelp 50 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Me har ledig ei 50 % fast stilling som heimehjelp ved Hjelmeland omsorgssenter med tiltreding snarast. Stillinga er knytta til heimetenesta og inneber jobb 2-3 dagar i veka.
Heimehjelp yter praktisk bistand, i hovedsak inneberer dette hjelp til reingjering i private heimar. Tenesta skal bidra til at eldre og personar med nedsett funksjonsevne får hjelp til daglege gjeremål, slik dei skal kunne bu heime så lenge som mogleg.
Arbeidstida er på dagtid i vekedagar.
Me søkjer etter ein person som
- er fleksibel og løysningsorientert
- er god på samarbeid
- er fagleg engasjert og liker utfordringar
- er sjølvstendig og tar initiativ i sitt arbeid
- trivst ilag med eldre mennesker
Arbeidsoppgåver
- reingjering i private heimar og omsorgsbustader ut frå vedtak
- klesvask
- sengeskift
Kvalifikasjonar:
- relevant arbeidserfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- gode norskkunskaper, både munnleg og skriftleg
- førarkort kl. B
Me tilbyr:
- godt arbeidsmiljø
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2324412
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3159853_204863_nn