Praksiskoordinator
Universitetet i Stavanger
Adresse mangler, 4036 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Praksiskoordinator
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. juni
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som praksiskoordinator ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, i fakultetsadministrasjonen knytt til Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Vikariatet er ledig frå 1.8.2026 til og med 31.7.2027.
Den som blir tilsett, vil ha ansvar for praksiskoordinering i grunnskulelærarutdanningane (GLU 1–7 og GLU 5–10), mellom anna vidareutvikling av praksis i utdanningane saman med studieprogramleiar og instituttleiar, oppfølging av partnarskapsavtalar og rammeavtalar, plassering av studentar i praksisskular og oppfølging av praksisopplæringa. Stillinga inneber tett samarbeid med mange partar: universitetsskular, praksisskular, faglærarar, praksislærarar, studentar og administrative tilsette ved institutt og fakultet.
Praksis er ein svært viktig del av lærarutdanningane hos oss. Vi ønskjer oss derfor ein person som har ambisjonar om å gjere praksisperiodane til ein god læringsarena. Systematisk arbeid med kvalitet i praksisutdanningane våre gjer at vi uteksaminerer gode lærarar. God praksis skaper fornøgde elevar, dyktige studentar og engasjerte praksisskular – og dermed ei god lærarutdanning.
Det går føre seg eit nasjonalt arbeid med utforming av ny felles rammeplan for lærarutdanningane. Arbeid med å vidareutvikle lærarutdanningane ved UiS kan føre til endringar i arbeidsoppgåvene.
Hovudoppgåver
- ta vare på koordinering og rådgjeving i saker som gjeld praksisopplæringa i grunnskulelærarutdanningane
- planleggje og organisere praksisperiodane, inkludert plassering av studentar i praksisskular
- følgje opp studentar gjennom praksisperiodane
- bidra til å kvalitetssikre samanhengen mellom teori og praksis i studia
- bidra til samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av einingar i samband med praksisopplæring
- følgje opp rammeavtalar og partnarskapsavtalar med skuleeigarar
- delta i saksbehandling og oppfølging av individuelle utdanningsplanar og innpassingssaker, og tilrettelegging for studentar med særskilde behov
- vere bindeledd mellom studentar, fagleg tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
- delta i arbeid med evaluering og kvalitetssikring/-utvikling av studieprogram og emne
- greie ut og førebu saker knytte til praksis i ulike råd og utval
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning på mastergradsnivå, gjerne innenfor et undervisningsfag i skolen eller innen pedagogikk eller lærerutdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring fra administrasjons- og utviklingsarbeid
- god munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk og engelsk
Videre blir det lagt vekt på:
- har kjennskap til grunnskolelærerutdanningene
- har relevant erfaring:
- frå arbeid i skuleverket, helst også leiarerfaring frå skule
- med undervisning i grunnskule eller universitet kan være ein fordel
- med bruk av relevante IT-verktøy og studieadministrative system
- er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekomande
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
- er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosesser
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling.
- løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 600 000 - 700 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider
Mangfald
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når me har ulike bakgrunnar og røynsler, kan me sjå utfordringar frå fleire vinklar og finna betre løysingar. På UiS er me opptekne av å visa respekt for ulikskapane våre, og legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Me tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Synest du denne stillinga er interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn, eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å verta vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til kontorsjef Birgitte Tysdal, tlf:51 83 30 85 , e-post:birgitte.tysdal @uis.no
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR rådgiver Elin Rødland, tlf:51832383 e-post: elin.rodland@uis.no
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 100 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarer til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning.Totalt har fakultetet om lag 3.300 studentar og 460 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.
Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk har ansvar for grunnskulelærarutdanning for 1 – 7. trinn og 5 – 10. trinn mastar i spesialpedagogikk, master i idrettsvitskap, bachelor i idrettsvitskap, og dessutan årsstudium i kunst og handverk, drama, idrett, friluftsliv og læring og psykologi. Frå haust 2026 skal me også tilby årsstudium i spesialpedagogikk. I tillegg har instituttet ansvar for vidareutdanningar i kunst og handverk, mat og helse, rettleiing for praksislærarar og rettleiing av nyutdanna lærarar og ei rekkje varierte enkeltemne. Instituttet har eit aktivt forskingsmiljø og mange av våre tilsette er også involvert i kollektiv kompetanseutvikling i nært samarbeid med skular og skuleeigarar. Me har også eit nært samarbeid med over seksti skular i regionen som gir rettleidde praksis til grunnskulelærarstudentane. Det er i dag ca 90 tilsette, ca 14 stipendiatar og nærare 1000 studentar tilknytte instituttet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
32409da6-85e3-45a3-ac65-dd4ad2d72acb
- Sist endret
10. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10299398