Helsefagarbeidar kveld/ natt
Geiranger distrikt, Stranda kommune
Maråkvegen 36, 6216 Geiranger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 78,17% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 78.17%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.
Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.
Geiranger omsorgssenter har ledig 78,17% fast stilling (kveld/ natt) frå 5.6.25.Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.Arbeidsoppgåver
- Pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
- Dokumentasjon
- Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
- Kjøkkenarbeid og reinhald
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
- Autorisasjon som helsefagarbeiar
- Alminnelege datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Omsorgsfull
- Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
- Positiv og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
- Likar utfordringar
- Interesse for faget
Vi tilbyr
- God opplæring
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Innhaldsrike arbeidsdagar
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183Arbeidsstad
Maråkvegen 366216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4954537313
Stillingsprosent: 78,17%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Jelle
Einingsleiar
+47 46411183
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2916711
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b3d1ae1bf05d4cddabd16e5f27dc4dce