Sjukepleiar og Vernepleiar. Psykiatrisk klinikk og Klinikk for sikkerheitspsykiatri
Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar og Vernepleiar. Psykiatrisk klinikk og Klinikk for sikkerheitspsykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling Psykosomatisk medisin, seksjon for nevrostimulerande behandling søker sjukepleiar på dagtid i 100% stilling der 60% av stillinga er ved til seksjon for nevrostimulerande behandling (måndag, onsdag og fredag) og 40% av stillinga (tirsdag og torsdag) er sjukepleiefaglege oppgåver i sengeposten på seksjon for alderspsykiatri.
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM2 søker sjukepleiar, 2 delt turnus og kvar 3. helg
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S3 og S4 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg.
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S5 søker sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg.
* Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg
Det er ledig 100% fast stilling ved Klinikk for sikkerheitspsykiatri: Her er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
* Regional sikkerheitspost (RS) søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og pt 3. kvar helg.
* Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og pt. 4. kvar helg med langvakter i helgane
Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling Psykosomatisk medisin, seksjon for nevrostimulerende behandling tilbyr elektrokonvulsiv terapi (ECT) og transkraniell magnetstimulering (TMS), hovudsakleg til pasientar med depresjon. Seksjonens medarbeidarar er også involvert i kvalitets- og forskingsprosjekt, og det nyetablerte Nasjonale kvalitetsregister for ECT er forankra i seksjonen. Som sjukepleiar ved seksjonen skal du i hovudsak utføre sjukepleiefaglege oppgåver knytta til nevrostimulerande behandling, og andre praktiske og organisatoriske driftsoppgåver. 40% av stillinga er knytt til sjukepleiefaglege oppgåver i sengeposten på seksjon for alderspsykiatri. Begge einingane held til på Haukelandsområdet og har lokalisering i Glasblokkene.
Kontakt: Ute Kessler, Tlf. 55974575
Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. På sengeposten (PAM) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt: Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 90862391
Akutt psykose, Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og er skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller Nora Kjerpeseth Kvellestad, Tlf. 55958734
Akutt psykose, Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55958848
Kvalifikasjonar (overskrift)
Spesialisert psykose, Seksjon S5 er ein lukka korttidspost med 12 senger lokalisert til Psykiatrisk Klinikk Sandviken. Organisatorisk høyrer vi til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Kontakt: Seksjon S5: Liv Mala, Tlf. 55958706
Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617
Regional sikkerheitspost (RS) sine sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Lokal Sikkerheitspost (LS) er ein lukka sengepost med 10 døgnplassar. Vi jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Charlotte Sunde, Tlf. 55958334 eller Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4970780967
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2944465
- Hentet fra
talentech
- Referanse
70e8ce37873c48938b976ba56f0adbc8