Prosjektleiar
Kinn utdannings- og ressurssenter KF, Kinn kommune
Strandgata 43, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Har du ein gründertanke i deg? Høyrest det spennande ut å kunne utforme ein ny og kreativ møteplass i Florø? Vil du hjelpe andre ut i meiningsfulle jobbar?
No har du sjansen til å leie arbeidet med å vidareutvikle Florøs første internasjonale jobb- og gründerklubb!
KURS KF har fått prosjektmidlar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Vestland fylkeskommune til å utvikle ei etablererteneste for flyktningar og innvandrarar. Vi har starta opp i eigna lokale i sentrum som huser ulike tenester og ein møteplass. No søker vi deg som kan vidareutvikle konseptet og som brenn for å inspirere og støtte fleirkulturelle entreprenørar og innvandrarar på vegen mot jobb.
Målet er ein synleg fleirkulturell møteplass i sentrum som gir eit berekraftig tilbod til lokalsamfunnet – eit liten kafé, eit pusterom, kursverksemd og rom som blir til undervegs med tilbod om ulike tenester som marknad og gründerar etterspør. Der er allereie nokre gründarar på plass i lokala. Arbeidet vil innebere både oppfølging av desse og å identifisere og etablere samarbeid med nye gründarar .
KURS KF (Kinn utdannings- og ressurssenter) er eit kommunalt føretak i Kinn kommune. Vi har fire avdelingar: introduksjonsavdeling, som driv med busetting av flyktningar og introduksjonsprogram, vaksenopplæring med norsk, samfunnsfag og grunnskule for vaksne, Solbakken asylmottak og ei avdeling for forsking og utvikling. Vi har som ambisjon å vere ein pådrivar for fagleg utvikling på våre felt, og i 2022 vann vi IMDi sin integreringspris.
Som prosjektleiar for vår nye satsing, vil du jobbe tett med dei ulike avdelingane, og særleg med rådgjevar for arbeid og praksis samt FoU-avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Rett person får stor fridom i å vidareutvikle og drifte konseptet. Oppgåver inkluderer, men er ikkje avgrensa til, å:
Koordinere og utvikle tenestetilbod
Sørge for framdrift i samsvar med prosjektplan
Samarbeide med relevante aktørar
Identifisere og rekruttere brukarar av tenesta
Vidareutvikle og gjennomføre etablerarkurs
Søke finansiering
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Erfaringar og personlege eigenskapar er sentrale når vi skal finne rett kandidat. Vi ynskjer at du har kompetanse innan desse felta:
- Erfaring frå fleire sektorar (til dømes privat/offentleg næringsliv, frivillig arbeid, kommune/fylkeskommune)
- Erfaring frå liknande satsingsfelt (arbeid, utdanning, kvalifisering, entreprenørskap, innovasjon, berekraft, integrering)
- Prosjektleiing/prosjektutvikling
- Mangfaldskompetanse
- Det er også ynskjeleg med høgare utdanning
Vi ynskjer deg som er sjølvstendig, løysingsorientert, handlekraftig og fleksibel, og som i tillegg er god til å bygge relasjonar.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein mangfaldig, innovativ og spennande arbeidsplass!
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
- Mogleheit for kompetanseheving og fagleg utvikling
- Fleksitid
Øvrige vilkår etter avtale
Vi vektlegg ulike typar mangfald i personalgruppa, og vil gjerne ha eit breitt spekter av søkjarar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnivå og bakgrunn. Det er også mogleg å diskutere stillingsprosenten om ynskjeleg.
Engasjementet er i utgangspunktet 18 månadar med høve til forlenging avhengig av finansiering. Oppstart fortrinnsvis i august, eller etter avtale.
Kontaktinformasjon
Eva Melvær Langaas, Dagleg leiar, +47 97180554Arbeidsstad
Strandgata 436900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4981003316
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Eva Melvær Langaas
Dagleg leiar
+47 97180554
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
31a0022f-c22e-42d2-92c6-3215767c3603
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3681bcc8ef614bd99dc7951c1e147765