Forskar ved Klinisk institutt 2
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Forskar ved Klinisk institutt 2
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 24. april
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wForskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) for ein periode på 8 månader.
Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Sex-specific mechanisms and biomarkers of insulin resistance». Prosjektet har ei førebels finansiering ut 2025.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Analysere innsamla blod, feces og vev frå dyreforsøk inkludert biokjemiske analysar
- Analysere og tolke fettsyreprofil/lipidomikk
- Utføre og tolke histologi av musevev
- Analysere kliniske, biokjemiske og antropometriske data frå humane kohortar
- Utføre/assistere i gjennomføring av museforsøk og utføre relevante testar og prøvetaking for metabolsk fenotyping i diabetesforskning (oral glukosetoleransetest osv.)
- Utføre eksperiment i cellekultur (adipocyttar) med metabolsk/funksjonell karakterisering
- Bidra til nødvendig tilpassing av metodar for funksjonelle målingar i feittcellekultur
- Tolking av data og litteratur, og generere publiserbare figurar og tabellar
- Bidra til skriving av vitskaplege artiklar frå prosjektet og søknadar om forskingsmidlar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan molekylærbiologi, inkludert isolering av DNA og RNA, qPCR, Western blotting, immunhistokjemi, transfeksjon og siRNA
- Forskaren bør ha gode kvalifikasjonar innan dataanalyse, inkludert bioinformatikk (transkriptom-, proteom- og metabolom-analyse), og ferdigheiter med R eller tilsvarande databehandlingsprogram
- Erfaring frå forsking innan fedme/diabetes og energimetabolisme vil bli tillagt stor vekt
- Søkjaren bør ha erfaring med dyreforsøk, handtering av mus og funksjonelle metabolske testar på mus
- Kunnskap om og erfaring med prosedyrar for feittcellekultur og metodar for metabolsk/funksjonell karakterisering vil bli vurdert fordelaktig
- Søkjaren bør ha erfaring med rettleiing, undervisning, skriving av vitskaplege arbeid/manuskript og skriving av søknader om forskingsmidlar
- Personlege eigenskapar, inkludert evne til å arbeide sjølvstendig, sjølvstendig initiativ og til samarbeid i eit forskingsmiljø vil bli vurdert
- Kandidaten må vere motivert og ansvarleg, og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
- Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan molekylær, biokjemisk og fysiologisk regulering av energimetabolisme
- Løn for tida kr 655 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
- Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
- både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
- Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
- forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
- forskingsgruppa
- Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Simon Nitter Dankel, telefon +47 94 30 86 37 eller epost simon.dankel@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig