Ferievikar: kjøkkenmedarbeidar
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkkenmedarbeidar
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Haram kommune søkjer etter 1-2 ferievikarar mellom veke 26 og 33, for tida ved kjøkkenet på Eidet Omsorgssenter. Arbeidstid er på dagtid med arbeid kvar 3. helg.
Måltidsproduksjon har base i fint og moderne lokale på Eidet Omsorgssenter. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Hovudoppgåva er å produsere mat til bebuarar ved Eidet Omsorgssenter. Kjøkkenet produserer etter kok-server metoden. Det er også aktuelt med ei enkel katinedrift for dei tilsette, samt kafé for besøkande.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Det blir gjort tilsettingar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av varme og kalde rettar
- Produksjon av bakst og dessertar
- Produksjon av spesialkost/diettar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein kokk eller ein person med erfaring frå matproduksjon, som kan bidra til å produsere smakfull og ernæringsmessig riktig samansette rettar til brukarane våre og gjestar
- Erfaring frå storhushald og kunnskap om produksjon av spesialkost og diettar er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Opplæring blir gitt
- Det er krav om god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Oppteken av god mat i eldreomsorga
- Løysingsorientert
- Forståing for logistikkarbeid
- Likar å arbeide i team
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Positiv og fleksibel
- Kreativ og engasjert
- Serviceinnstilt
- Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
- Godt og triveleg arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Ingeborg Grønningsæter Valde, Kjøkkensjef, 41425540, ingeborg.gronningsaeter.valde@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Trolldalssletta 126264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4947797870
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2916165
- Hentet fra
talentech
- Referanse
309d7af7260f40ae89e45f1f1b5c3cb6