Fysioterapeut med driftstilskot
Helse og aktivitet, Klepp kommune
Orstadvegen 191, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut med driftstilskot
Type ansettelse
Selvstendig næringsdrivende, deltid 90%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Klepp kommune har frå 01.10.25 ledig 90 % kommunalt driftstilskot for offentleg godkjend fysioterapeut. Stillinga er knytt til Jæren SportMed på Orstad.
Jæren SportMed består for tida av 2 fysioterapeutar med driftstilskot, 1 manuellterapeut og 1 fysio/akupunktør. Det er fokus på å veileda pasientar frå terapi til frisktrening. Klepp kommune har som mål at flest mogleg har eit aktivt liv og klarer seg best mogleg heime. For å møta framtidas utfordringar ønsker kommunen å satsa meir på førbygging og tidleg innsats. Det er viktig for oss at denne grunntanken vert vidareført ved tilsetjing av ny terapeut. Ved Jæren SportMed tek ein imot eit vidt spekter av pasientar, og god kompetanse innan allmenn fysioterapi og aktiv rehabilitering er ønskeleg. Me søker ein sjølvstendig fysioterapeut som er opptatt av fagleg utvikling, og som har interesse av å driva/utvikla instituttet vidare.
Tildeling og overdraging vil skje i samsvar med ASA 4313. Praksisen skal drivast etter gjeldande helselovgjeving og etter avtale mellom KS og NFF (ASA 4313) slik den til ei kvar tid framstår. På Jæren SportMed er du ein del av ein gruppepraksis og personlege eigenskapar vert vektlagt ved tildeling av tilskot.
Arbeidsoppgåver
- Drifta eit aktivt fysioterapi- og treningstilbod til kommunen sine innbyggarar
- Det er forventa at du behandlar alle typer pasientar på instituttet og om nødvendig i heimen
- Fokus på allmenn fysioterapi og rehabilitering
- Veiledning til eigenmeistring og fysisk aktivitet
- Praksis vert utført i nært samarbeid med fysioterapeutar på instituttet og i kommunen, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister.
- Arbeida etter gjeldande lovverk (ASA 4313) og kommunen sine gjeldande prioriteringar.
- Kunne påta seg kommunale oppgåver ved behov (inntil 1/5 av stillinga, jmfr. ASA 4313)
Kvalifikasjonar
- Krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Beherska norsk munnleg og skriftleg, samt engelsk, for sikra god kommunikasjon og samarbeid
- Ønske om brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi og rehab.
- Ønske om erfaring og evne til å drifta institutt med avtaleheimel
- Erfaring med samarbeid med kommunal helseteneste
- Godkjend poilitiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- God samarbeidsevne og trygg i møte med pasientar og pårørande
- Brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
- Evne til å arbeida sjølvstendig og god arbeidskapasitet
- God evne til kommunikasjon og god samfunnskunnskap.
- Fleksibel, engasjert, løysningsorientert og initiativrik. Interesse og evne til instituttdrift og utvikling av tilbodet.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Kontaktperson i kommunen er Håvard Braut, tlf. 488 66 611 / 51 78 45 20
Opplysningar om instituttet kan rettast til Jæren SportMed., tlf: 51 42 10 14
Kontaktinformasjon
Håvard Braut, avdelingsleiar, +47 48866611Arbeidsstad
Orstadvegen 1914353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4968013999
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Håvard Braut
avdelingsleiar
+47 48866611
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2940935
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa0478226be346d38aedfb63802e29ed