Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF
Vegsundvegen 68, 6020 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykiatrisk sykepleier/sykepleier
Oppstart
2. juni 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. mai
Ønskjer du å jobbe med menneske med psykiske vanskar og som er over 18 år? Er du glad i tverrfagleg samarbeid? Då har vi ei spanande stilling for deg!
Vi ønskjer ein psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar i 80 % stilling til vårt tverrfaglege team i generelt døgntilbod på DPS Vegsund.
Stillinga er pt i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vårt tverrfaglege team består av psykiater, psykologar, LIS, sjukepleiarar, fysioterapeut, sosionom, aktivitør mfl. Sammen dannar vi eit solid behandlingsteam for innlagde pasientar.
Døgnposten har 17 senger, 14 plassar for generelt døgntilbod og tre senger tiltenkt brukerstyrte plassar.
Pasienten kjem elektivt og ved interne overflyttingar frå andre sjukehuspostar. Ved vår avdeling tilbyr vi utgreiing og behandling. Miljøterapi er ein viktig del av tilbodet i døgnposten og inneber at vi tilbyr mellom anna IMR (illness management and recovery), gruppeterapi, friluftsterapi, grupper med fysioterapeut og liknande.
Ved intern omrokkering kan andre stillingsbrøkar verte ledige.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i samsvar med behandlingsplan samt delta i avdelinga sine ulike terapeutiske aktivitetar
- Medikamenthandtering
- Psykoedukasjon til pasientar og pårørande
- Undervise pasientar og personale
- Rettleie studentar og kollegaer
- Bidra til eit godt tverrfagleg behandlingsmiljø
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande
- Sjukepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkje
- Erfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagt
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Sertifikat for bil
Personlege eigenskapar
- Du liker å arbeide i tverrfaglig team
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere initiativrik, kreativ og positiv
- Du må vere fleksibel
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland herKontaktinformasjon
Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.noArbeidssted
Vegsundvegen 686020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4960336064
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 02.06.2025
Søknadsfrist: 27.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2940717
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b8e21ada03164db0bf3836f9de09482c