Hopp til innhold

70% stilling i praktisk bistand/heimehjelp og heimesjukepleia

Arbeidsgiver

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Moavegen 30, 2690 Skjåk, Innlandet, Skjåk

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

Vil du ha ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får hjelpe folk til å meistre livet heime? Skjåk kommune søkjer ein engasjert medarbeidar til ei kombinert stilling innan praktisk bistand/heimehjelp og heimesjukepleie -- med nær kontakt med menneske og moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag.

Skjåk kommune har ledig ei 70 % stilling innan praktisk bistand/heimehjelp.

Stillinga er delt mellom praktisk bistand/heimehjelp og heimesjukepleia, med arbeid kvar tredje helg i heimesjukepleia.

Arbeidsområde

Du vil utføre oppgåver i tråd med vedtak for heimebuande brukarar. Dette inneber mellom anna hjelp til daglege gjeremål som reingjering, klesvask og sengeskift.

Arbeidet som heimehjelp skjer på dagtid og kan vere fysisk krevjande. Arbeid i helg omfattar vakter laurdag og søndag, både dag og kveld.

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskje om fagbrev som helsefagarbeidar, men relevant erfaring innan praktisk bistand/ heimehjelp kan erstatte utdanningskravet.

  • Førarkort klasse B.

  • Godkjent politiattest.

Vi vektlegg

  • erfaring frå liknande arbeid.

  • fleksibilitet i høve til omstillingar.

  • evne til å arbeide sjølvstendig.

  • gode samarbeidsevner.

  • god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

  • generell forståing for bruk av meistringsteknologi.

Vi tilbyr

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.

  • pensjonsordning i KLP.


Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Søknadsfrist 17.06.2026

Elektronisk søknadsskjema

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om Skjåk?

Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.

Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no.

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?

Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Kontaktperson for stillingen

Ingvild Mork

Tenesteleiar institusjon og heimetenesta

489 97 924

ingvild.mork@skjaak.kommune.no

Om bedriften

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

30c7dab3-76e4-4a40-97d0-b54624dbd9b7

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

30c7dab3-76e4-4a40-97d0-b54624dbd9b7

Lignende annonser

Laster lignende annonser