Grunnskulelærar ved Måndalen skule
Rauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule
Voll, 6386 Måndalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Grunnskulelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. november
Stillinga
Grunnskulelærar i 100 % fast stilling per tiden ved Måndalen skule.
Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Vi er ein oversiktleg 1.–10.-skule med rundt 100 elevar og 20 tilsette. Hos oss kjenner vi elevane godt, samarbeider på tvers av trinn og har korte vegar frå idé til handling. Skulen ligg tett på naturen, som vi gjerne nyttar som læringsarena. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule – Rauma kommune. Måndalen skule - Rauma kommune
- Undervisning hovudsakleg på 1.–7. trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
- Vi søkjer lærar til 100 % fast stilling, med moglegheit for kontaktlæraransvar.
- Spesialpedagogikk
- Begynneropplæring
- Musikk
- Erfaring med ASK og/eller teikn-til-tale vil vere positivt
- Du treng sjølvsagt ikkje å kunne alt! Vi er først og fremst på jakt etter ein dyktig lærar som vil bli ein del av laget vårt.
- Vi ønskjer oss ein engasjert og fleksibel lærar som ser moglegheiter, trivst med samarbeid og ønskjer å vere med på å skape gode og varierte læringsarenaer for elevar frå 6 til 16 år.
- Som lærar hos oss må du vere glad i å samarbeide, samtidig som du er trygg og sjølvstendig i lærarrolla.
- Vi ser etter deg som er løysingsorientert, engasjert og oppteken av å sjå den enkelte eleven og bidra positivt til fellesskapet.
- Har du lyst til å arbeide på ein skule der du får vere tett på både elevane, kollegaene og utviklinga av skulen? Då håpar vi du søkjer deg til Måndalen skule.
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
309f9a66-0d9b-40e7-9088-fb2bfc1d0f06
- Sist endret
6. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3667463_195131_nn