Sekretær/kontormedarbeidar ved kyrkjekontoret i Florø
Kinn Kyrkjelege Fellesråd
Strandgata 43, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig 90 - 100 prosent fast stilling som sekretær/kontormedarbeidar ved Kinn kyrkjekontor i Florø, med snarleg tilsetjing.
Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for kyrkjer og gravplassar i Kinn kommune. Det er seks sokn, sju kyrkjer, 20 kyrkjegardar og om lag 17 000 innbyggjarar. Vi har kontor i Florø og Måløy.
Ardeisoppgåver
-
Ansvaret for publikumskontakt, telefon og e-post
-
Arbeid med økonomi
-
Utføre arkivering etter gjeldande arkivplan
-
Heimeside, sosiale medium og informasjonsarbeid
-
Samarbeide med alle tilsette, frivillige og publikum
-
Koordinere dagleg drift, skaffe vikarar og registrere gravferder
-
Ansvar for kalender, publisering av arrangement og liknande
-
Innkjøp
-
Sakshandsaming ut frå eigen kompetanse
-
Fortløpande arbeid, anna administrativt arbeid og oppgåver delegert frå kyrkjeverja
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
-
Det er ynskjeleg med utdanning innanfor økonomi og administrasjon, handel og kontor, sekretærskule eller liknande, men realkompetanse kan vege opp
-
Imøtekomande og utadvent, fleksibel og samarbeidsvillig
-
Ryddig og strukturert
-
Gode språkkunnskapar, må kunne skrive nynorsk
-
Liker utfordringar og nye oppgåver i ein travel kvardag
-
Gode kunnskapar om økonomi
Løn etter gjeldande kyrkjeleg tariff. Kandidaten må vere budd på at stillinga kan endre seg ut frå behovet i fellesrådet.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert lagd stor vekt på personlege eigenskapar. Pensjonsordning gjennom KLP. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter lover, reglement og tariffavtale. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar kan gjerast offentlege, jamvel om søkjaren bed om å ikkje vere offentleg, jf. offentleglova § 25.
Send søknad og dokument til dag.henrik.nygaard@kinn.kyrkja.no. Søknadsfrist 29. april 2022
For meir informasjon, kontakt kyrkjeverja i Kinn Dag Henrik Nygård, 466 455 75
Om bedriften
Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for kyrkjer og gravplassar i Kinn kommune. Det er seks sokn, sju kyrkjer, 20 kyrkjegardar og om lag 17 000 innbyggjarar. Vi har kontor i Florø og Måløy.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1979781
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
309c0a03-2a4b-4243-8200-c45219c76eba